Hopp til innhold

Portretterer maur i 3D

Maurforskarar har lagt ut på verdsturné for å lage nærportrett av alle jorda sine maurartar.

Det amerikanske prosjektet Antweb har som mål å fotografere alle verdas artar av maur, og er no på verdsturné i maurfotografering, skriv BBC Nature.

Forskarane nyttar ein teknikk som for første gong gjer det mogleg å fotografere mikroskopiske anatomiske detaljar ved maurane.

Målet er å lage ein nettbasert katalog som vil utgjere eit unikt verkty for forskarar som studerer desse insekta.

Meir detaljar enn i mikroskop

Fotografiteknikken brukt av forskarane gjer det mogleg å ta dusinvis av forstørra bilete som alle er på ulike fokusplan. Slik oppnår dei skarpe bilete der heile mauren er i fokus, noko som ikkje er mogleg i eit vanleg mikroskop.

– Du kan zoome inn og sjå detaljar som tynne hårstrå og auga. Og alt dette er ikkje i fokus i eit mikroskop, forklarar Brian Fisher ved California Academy of Sciences som leiar Antweb-prosjektet.

– Dette er faktisk første gong eg som forskar kan sjå denne mauren i 3D. Dette er svært nyttig for forskarar, seier Fisher.

Dorylus sjoestedti

Mauren Dorylus sjoestedti frå Nigeria.

Foto: Antweb

Skal fotografere 10.000 i året

Til no har forskarane avbileta 8300 maurartar av totalt 30.000 kjende artar verda over.

– Vårt mål er å fotografere 10.000 maur i året, seier Brian Fisher.

Inga lita oppgåve, når forskarane må avbilete dronning, soldatar, arbeidarar og dei ulike kjønna for kvar art.

For å nå målet vil Antweb besøke musea som har dei mest komplette maursamlingane, og første stopp på turneen er ved Natural History Museum (NHM) i London der teamet held seg no.

– Dette museet er ein av dei beste samlingane av maur i verda, ifølgje Fisher. Museet har over 6000 artar av maur som er tredd på nål og tatt vare på i utstillingsmontrar i museets lagerrom.

Vil bli tilgjengeleg for alle

Sjølv om databasen i hovudsak er tiltenkt forskarar, håpar Antweb-teamet at også publikum vil ta i bruk maurkatalogen.

Alle med internettilgang og ei interesse for småkryp kunne nytte katalogen til å få ei innsikt i naturens miniatyrverd.

– Mange veit ikkje om dei utrulege skapningane som lever i bakgården deira, seier Brian Fisher.

Sjå fleire biletgalleri frå Vitskap og teknologi: