Plutotvilling i solsystemet vårt

Astronomar har klart å måle storleiken til dvergplaneten Eris i solsystemet vårt for første gong ved hjelp av passasje framfor stjerne. – Spennande oppdaging, seier Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Eris

Dvergplaneten Eris slik ein kunstnar tenkjer seg at han ser ut.

Foto: ESO

I november 2010 passerte den fjerne dvergplaneten Eris som ligg bortanfor Pluto framfor det svake lyset av ei fjern stjerne.

Denne hendinga gjorde at astronomar for første gong kunne måle storleiken til dvergplaneten som er tre gongar lenger borte frå sola enn det Pluto er.

Plutos tvilling

Dvergplaneten Eris vart oppdaga allereie i 2003, men lite har vore kjent om objektet. Eris er så langt borte frå sola at han er ekstremt lyssvak og svært vanskeleg å oppdage sjølv med dei største teleskopa. Eris er heile 97 gongar lenger borte frå sola enn avstanden mellom jorda og sola.

Om du stod på overflata på Eris og såg mot sola, ville sola sett ut som ei vanleg stjerne, kanskje berre litt sterkare enn andre stjerner.

Ut frå tidlegare observasjonar og andre metodar har storleiken til Eris vore berekna til å vere om lag 3000 kilometer, om lag 25 % større enn Pluto.

Dei nye målingane viser at Eris er litt mindre enn ein tidlegare har trudd, og at dvergplaneten er omtrent like stor som Pluto. Eris sin diameter er berekna til å vere om lag 2326 kilometer i diameter, mot Plutos storleik på om lag 2300–2400 kilometer i diameter.

Nøyaktig

Dvergplaneten Eris med månen Dysnomia.

Ein kunstnars illustrasjon av Eris med månen Dysnomia.

Foto: ESO

Diameteren til Eris er målt heilt ned til 12 kilometers nøyaktigheit, noko som er svært nøyaktige målingar for eit objekt som ligg svimlande 14 milliardar kilometer borte frå jorda.

– Dette er ei veldig spennande oppdaging, ikkje minst fordi Eris er målt meir nøyaktig i storleik enn Pluto sjølv om vi har kjent til Pluto sidan 1930, seier Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK.no.

Sjølv om Pluto er nærare oss, er det likevel vanskelegare å gjere like nøyaktig målingar for Pluto.

– Det er det faktum at Eris ikkje har atmosfære eller fjell som gjer at vi kan gjere slike målingar. Plutos atmosfære hindrar oss i å gjere like nøyaktige målingar, fortel Andreas Jaunsen.

Formørking

Det er observasjonar av okkultasjonen i 2010 frå tre teleskop på to ulike stader i Chile som har gjort det mogleg å berekne storleiken til dvergplaneten mykje meir nøyaktig enn det som tidlegare har vore mogleg.

Det eine teleskopet var ved ESOs La Silla-observatorium i Chile, dei to andre teleskopa var plassert i småbyen San Pedro de Atacama.

Astronom Andreas Jaunsen som tidlegare har jobba ved La Silla-observatoriet i Chile forklarer korleis astronomar kan nytte ein slik okkultasjon til å få meir kunnskap om storleiken til Eris:

– Forskarane måler kor fort bakgrunnsstjerna blir formørkt, og kor lenge formørkinga varar. Lengda på formørkinga bestemmer kor stor Eris må vere. Når vi kjenner hastigheita til Eris, er det berre tida som manglar for å bestemme storleiken.

Okkultasjonen av Eris i november 2010

Biletet viser korleis okkultasjonen i november 2010 var synleg frå observasjonsstadene i Chile.

Foto: ESO

Ekstremt reflekterande

Astronomane fann også at overflata til Eris er ekstremt reflekterande, og kastar tilbake heile 96 % av lyset som fell på dvergplaneten.

Dette er til og med lysare enn nysnø her på jorda, og det gjer Eris til ein av dei mest reflekterande objekta i solsystemet vårt saman med Saturns ismåne Enceladus.

Overflata til Eris består sannsynlegvis av eit knapt millimeter tjukt islag som består av nitrogenrik is blanda med frosen metan.

– Dette tynne islaget kan skuldast at dvergplanetens nitrogen- og metanatmosfære kondenserer som frost på overflata etter kvart som han i si svært avlange bane fjernar seg frå sola og går inn i stadig kaldare område, seier ein av forskarane bak studien Emmanuel Jehin i ei pressemelding frå ESO.

Med ei så reflekterande overflate er det naturleg nok svært lite av det allereie sparsomme sollyset som kan varme opp den forfrosne overflata til Eris.

Astronomane har også rekna seg fram til at den kulerunde dvergplaneten held ein temperatur på berre om lag minus 238 grader på den sida som vender mot sola.