Hopp til innhold

Utdøydd mennesketype kan ha laga klede

Pekingmennesket kan ha pynta seg med skinnklede og ha meistra elden, ifølgje nye funn.

Homo erectus pekinensis

Pekingmennesket, her representert ved ein fossil skalle, kan ha vore meir avansert enn forskarane har trudd til no.

Foto: Russell L. Ciochon, University of Iowa

Fossilar av den utdøydde mennesketypen Pekingmennesket (sjå faktaboks) vart funne i Kina i 1920. Mennesketypen er ein representant for Homo erectus som levde for mellom 200 000 til 750 000 år sidan.

Forskarar utfører no nye undersøkingar på funnstaden for Pekingmennesket for å finne gjenstandar som kan gi svar på korleis desse menneska levde.

Blant funna forskarane har gjort er det som kan vere ein eldstad, teikn til at dei har arbeidd med skinn for å lage klede, og at dei har sett saman steinar og pinnar til våpen. Dette kom fram då forskarar redegjorde for dei nyaste funna ved Torontos Royal Ontario Museum i desember i 2012, ifølgje Live Science.

Saman tyder dette på at Homo erectus pekinensis er meir sofistikert enn ein har trudd til no.

Hovudskallar i butikkvindauge

Hovudskallar av homo erectus, neandertalar og moderne menneske.

Foto: Steve A. Johnson, Flickr, CC

– Vanskeleg å kontrollere eld

Forskarane har blanta anna tatt i bruk nye og meir kraftige mikroskop for å finne ut korleis ulike gjenstandar vart brukt, såkalla bruks- og slitasjeanalyse.

Blant dei nye funna forskarane har gjort, er eit 300 000 år gammalt arkeologisk lag som kan innehalde ein eldstad. Undersøkingane av eldstaden med 3D-skannar er avgjerande for å kunne stadfeste om Pekingmennesket kunne kontrollere eld.

Dersom forskarane kan stadfeste dette, vil vi komme nærare eit svar på når vi menneske lærte oss å kontrollere eld.

Homo erectus er mennesketypen som fann opp elden, men vi veit ikkje heilt når det skjedde, fortel zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Han forklarer at det å kontrollere eld er ein komplisert prosess, som avheng av at ein har lært ferdigheiter ved å gå gjennom mange stadium.

– For det første må ein tørre å nærme seg eld, og dei aller fleste pattedyr skyr instinktivt elden. For det andre må ein komme over barrieren det er å ta elden med seg heim. Tredje nivå er å lære seg å lagre elden og fore den. Fjerde nivå er å kunne frakte med seg eld, og på femte trinn har mennesket lært seg å produsere eld sjølv, fortel Bøckman.

Homo erectus-familie

Homo erectus var mennesketypen som lærte å kontrollere eld, men når det skjedde veit forskarane enno ikkje.

Illustrasjon: National Museum of Indonesia, Jakarta

– Kan ha laga klede

Bruks- og slitasjeanalysar av reiskapar tyder også på at Pekingmennesket kan ha hatt ei viss interesse for klede.

– Ein del av verktøya forskarane har funne ser ut til å ha blitt brukt for å skrape skinn, fortel Chen Shen til Live Science.

– Viss dei har gjort skinn mjukt kan dei ha nytte skinna til å lage klede, seier han.

– Det å lage skinn om til klede høyrest enkelt ut i teorien, men skinna skal skrapast og gjerast mjuke før dei kan fungere som klede. Eg har eit rått reinsskinn heime som eg nyttar som sitjeunderlag. Det er stivare enn papp og kan heilt klart ikkje brukast til klede, seier Petter Bøckman.

Han fortel at ein ikkje har bevis for at menneske har nytta skinn til klede før mennesketypen Cro Magnon, som er forløparen for det moderne mennesket.

Om pekingmennesket har laga klede, går det i mot tidlegare antakingar.

– Vi kan ha tatt feil

– Vi har ikkje rekna med at menneske begynte å bruke klede før dei bevegde seg opp i tempererte klima, fortel Bøckman.

Beijing ligg derimot i subtropisk klima, der mennesket altså kan ha klart seg utan klede.

– Den einaste andre grunnen til å kle seg opp er for å pynte seg, og ein har meint at Pekingmannen ikkje var sosialt avansert nok til å ha brukt tid og krefter på pynt. Det ser altså ut til at vi har tatt feil, seier Bøckman.

Lagde spydliknande verktøy

Dei kinesiske forskarane har også funne teikn til at Pekingmennesket mest sannsynleg har festa spisse steinar til korte stokkar og laga spydliknande verktøy. Det å kunne feste to ulike materiale til kvarandre er eit viktig steg i menneskets utvikling.

Shen fortel at spydet nok ikkje var så nyttig for jakt, men at det har betydd ei utvikling av verktøyet, og at det kan ha vore brukt til å skrape eller inngravere.

– Fram til no har vi sett for oss at det var med det moderne mennesket, Cro Magnon, vi laga reiskapar ved å sette saman ulike materiale, seier Bøckman.

– Neandertalarar lagde trespyd med eldherda trespiss, men det er nokre hakk meir avansert å sette stein på tre, fortel zoologen.

Forskarane har også funne teikn til at Pekingmennesket har brukt steinreiskap til å bore hol, sjølv om dei enno ikkje veit kva materiale dei har bora i, eller kvifor dei har gjort det.