Ein kan seie at denne planeten blir regntung om kvelden. Det regnar jern, fortel David Ehrenreich, professor ved Universitetet i Genève i Sveits, i ei pressemelding.
Den glødande giganten heiter WASP-76b, og ligg ganske langt unna oss. Nærare bestemt i stjernebiletet Fiskane. 390 lysår unna.
Her kan det regne hardare enn dei fleste andre stader, og planeten susar rundt i eit forrykande tempo. Eitt år på denne planeten svarar til to jorddagar.
Planeten vart først oppdaga i 2013, men det er først no forskarane har funne ut meir om dei gloheite tilhøva på gasskjempa.
Jern fordampar
På dagsida av eksoplaneten kan det bli over 2400 grader. Det er varmt nok til at metall fordampar.
Forskarane meiner vinden tek med seg jerndampen over til kjølige nattsida. Her er det «berre» 1500 grader.
Med det blir jerndampen omdanna til jerndropar som fell mot bakken, ifølgje studien.
IMPONERT: Sven Wedemeyer seier funna som no er gjort er resultatet av store teknologiske framsteg.
Foto: Universitetet i OsloAstrofysikar Sven Wedemeyer ved Universitetet i Oslo er begeistra over dei nye funna.
– Dette er veldig spennande. På mange måtar blir det no opna eit nytt kapittel i forskinga på eksoplanetar, seier han.
Klimaet på fjerne planetar
WASP-76b vart undersøkt av fire store teleskop i Chile, med det fantasifulle namnet Very Large Telescope. Desse blir drivne av European Southern Observatory, ESO.
Instrumentet ESPRESSO var opphavleg designa for å leite etter jordliknande planetar. Men no har forskarane klart å studere atmosfæren til andre typar eksoplanetar ved hjelp av det same instrumentet.
Wedemeyer har sjølv besøkt observatoriet og dei fire store teleskopa i Chile i sommar.
– Espresso-instrumentet bruker lys frå alle dei fire teleskopa. Dette er verdsleiande teknologi, og det er imponerande kva dei har fått til, seier han.
TELESKOP I ØRKENEN: Det er her ved ESOs Very Large Telescope dei har gjort oppdaginga. Senteret ligg i Atacamaørkenen, nord i Chile.
Foto: Yuri Beletsky / ESOMerkeleg fenomen
WASP-76b er ein eksoplanet. Det vil seie ein planet som går i bane rundt ei stjerne, i et anna solsystem enn vårt eige. Det spesielle med denne eksoplaneten er at den alltid vender same side mot lyset og varmen frå stjerna den roterer rundt. Dette er det same tilhøvet som månen har til jorda.
Dagsida på denne planeten får mange tusen gonger så mykje stråling frå stjerna si, enn jorda gjer frå sola.
Denne varmeklumpen ligg altså utruleg nært vertsstjerna si. Avstanden mellom planeten og stjerna er berre tre prosent av avstanden sola–jorda.
Ifølgje studien blir planeten difor så inderleg heit at molekyla deler seg opp i atom. Metall som jern fordampar ut i atmosfæren og kjem ned igjen som eit regn av jerndropar på mørke og kjøligare nattsida.
Fordampinga og kondenseringa til regn betyr at det er store kjemiske variasjonar på dag- og nattsida. Dette er første gong forskarane har registrert noko slikt på ein ultravarm gasskjempe.
No har vi ein heilt ny måte å spore klimaet på dei mest ekstreme eksoplanetane, seier Ehrenreich.
Han har leia studien som er publisert i tidsskriftet Nature.
Leitar etter liv
Ifølgje ESO har astronomane funne rundt 4000 eksoplanetar utanfor solsystemet vårt.
Wedemeyer seier det ikkje lengre «berre» handlar om å oppdage nye planetar. No kan vi faktisk byrje å få kunnskap om klimaet på planetar i solsystem langt unna jorda.
Etter kvart kan vi då undersøke atmosfærane og den kjemiske samansetningar på planetar som er meir lik jorda. På dei jordliknande planetane kan slike observasjonar kanskje vise om det finst vilkår for liv.
Astrofysikaren Wedemeyer seier dette handlar om det store spørsmålet i romforskinga: Er vi åleine?
Bli med på tur til WASP-76b





