Hopp til innhold

Du mister 500.000 støvpartiklar kvart minutt

Ein stor del av støvet i huset ditt er deg. Slik blir støvet til.

Du puster inn titusenvis av støvkorn hver dag. Takk til: Amanda Dahlberg-Knudsen.

SJÅ VIDEO: Slik har du aldri sett støvet bli dratt inn i luftvegane før - med 2500 bilete i sekundet.

Dei fleste av oss kan skilte med eit betydeleg lag av støv i bokyller og vinduskarmar i heimen. Men kvar kjem støvet frå?

Svaret er deg og meg.

Steinar K. Nilsen

Sintef-forskar Steinar K. Nilsen forskar på støv.

Foto: SINTEF

– Bur du i eit moderne bygg med godt ventilasjonsanlegg og tette veggar, så er det fine støvet innandørs stort sett skapt av oss sjølv. Det er eit resultat av at vi eksisterer og rører på oss, fortel Steinar Nilsen i Sintef Byggforsk til NRK.

– Det er kanskje litt ubehagelig, men det er hudceller og hår som blir slitt av kroppen vår, fortel Nilsen.

Menneske skifter ut det ytste hudlaget vårt gjennomsnittleg i løpet av 3 døgn. Dei døde hudcellene våre ramler av oss og blir ein del av omgivnadene.

Partiklane er typisk 0,5-10 mikrometer store, mens flak av flass frå hovudbotnen gjerne er litt større.

I tillegg blir det laga støv frå tekstilfibrar frå kleda våre.

5 millionar støvkorn per minutt

Når vi er i ro mister vi «berre» 500.000 partiklar i minuttet. Men med ein gong vi begynner å røre på oss, stig støvproduksjonen.

– Det er gjort målingar som viser at menneske mister ti gongar så mange partiklar kvart minutt når ein går opp ei trapp, fortel Nilsen.

Altså 5 millionar støvpartiklar i minuttet.

Og er du meir aktiv, for eksempel trenar, doblar dette talet seg fort.

Støvsug gardinene

Sidan støvpartiklane frå oss sjølv er så små at dei kan bli pusta inn, kan dei vere farlege.

– Det er vist at ein lettare blir forkjøla eller opplever innelufta som tørr viss det blir mykje støvpartiklar i lufta, seier Nilsen.

Når folk klagar på tørr luft, kan det altså vere at det er støvete.

Konsekvensen er dessverre at vi må ta i bruk mopp og støvklut for å fjerne restane av oss sjølv. Aller viktigast er soverommet:

– Sjølv om vi ligg i ro på soverommet er det der vi oppheld oss mest. Derfor bør vi reingjere oftast der, seier Nilsen.

Han har eit tips til støvførebyggande tiltak:

– Det kan vere lurt å ikkje ha så mange stader der støvet lett kan legge seg, som lodne ting som gardiner og teppe.

Nilsen anbefaler å støvsuge eller bruke støvmopp på gardinene 4 gongar i året.

– Kor flink er du som støvforskar til å gjere reint?

– Ikkje så veldig flink. Både eg og kona mi har arbeidd med støv i 20 år, og vi brukar å seie at vi ikkje tar med oss jobben heim. Men vi gjer så godt vi kan.