Hopp til innhold

Gravopning avdekkjer mogleg mordmysterium

Vart den danske alkymisten og astronomen Tycho Brae myrda i 1601? Eit gammalt mordmysterium kan komme nærare ei løysing når grava hans no er opna att. Sjå biletserie frå gravopninga.

Danske og tsjekkiske forskarar opna i går grava til den danske astronomen Tycho Brahe.

Sidan hans mystiske død i 1601 har det vore spekulert i om han vart tatt av dage, og analysar av restar av bein og hår i kista hans kan kanskje medverke til å finne eit svar ein gong for alle.

Opninga av Tycho Brahes grav

Arkeolog Jens Vellev ved Aarhus Universitet leiar gjenopninga av Tycho Brahes grav.

Foto: Petr Josek / Scanpix/Reuters

–Det er umogleg å seie om han vart myrda eller ikkje, seier leiande forskar Jens Vellev ved Aarhus universitet til Reuters.

–Men vi kan kanskje slå fast om han har fått i seg så mykje kvikksølv at han har døydd av det, legg Vellev til.

Moglege mordarar

Det kan ha vore fleire personar som ønska å ta livet av Brahe.

Måleri av Johannes Kepler

Kan Johannes Kepler ha teke livet av Tycho Brahe for å sikre seg dei nedteikna observasjonane til sin tidlegare læremeister?

Foto: Ukjend opphavsperson, CC

Assistent hans, den etter kvart svært så kjende Johannes Kepler, kan ha vore interessert i å rydde rivalen av vegen og få tilgang til hans astronomiske observasjonar.

Kepler utarbeidde sine tre lovar for planetane sine rørsler, Keplers tre lovar, på bakgrunn av nettopp Brahe sine observasjonar.

Medan Brahe meinte at Jorda var universets midtpunkt, vart Kepler talsmann for det heliosentriske verdsbilete, der planetane gjekk i bane kring sola.

Kepler er rekna som ein av grunnleggjarane av den moderne astronomi.

Ein annan teori er at Christian IV bestilte mordet på Brahe som levde i eksil i Tsjekkia etter at han vart uvenner med den danske kongen.

Kvikksølv i skjegget

Opninga av Tycho Brahes grav

Dette fann forskarane i kista til Tycho Brahe. Bein-og hårrestar skal no analyserast for blant anna kvikksølv.

Foto: Jacob C. Ravn, Aarhus Universitet

Analysar av skjegget frå ei tidlegare opning av grava hans gav funn av tungmetallet kvikksølv.

I dei nye analysane vil forskarane også sjå etter kvikksølv eller andre substansar som kan kaste lys over dødsårsak.

Funn av høge konsentrasjonar nær hårrota kan tyde på ein stor eingongsdose av gifta.

Dersom forskarane derimot finn jamne nivå av kvikksølv i heile hårstrået, kan dette indikere at Brahe har fått i seg dette gjennom medisinering, eller gjennom eksperimenta han har utført.

Det vil no bli gjennomført testar ved universiteta i Lund i Sverige og Odense i Danmark.