Hopp til innhold

Anbefaler homeopatimedisin for øko-dyr

– Uforståeleg at ein oppfordrar til å bruke noko som ikkje verkar, seier president i Veterinærforeningen.

Kyr på beite

Er dyrevelferd for økologiske dyr betre så lenge dei skal behandlast med homeopatmedisin framfor tradisjonell medisin?

Foto: Colourbox

Mange vel økologiske produkt fordi økologisk landbruk er kjent for å leggje større vekt på dyrs velferd enn tradisjonelt landbruk.

Kanskje er det då eit paradoks at Mattilsynets rettleiar til Forskrift om økologisk matproduksjon anbefaler bruk av ikkje-dokumenterte behandlingsmetodar som homeopatiske produkt av sjuke dyr som første behandling framfor tradisjonell medisin.

– Vi veterinærar må halde oss til forsvarleg verksemd, og må bruke metodar eller medisinar som er vitskapleg dokumenterte. For oss blir det sånn sett heilt uforståeleg at ein oppfordrar til å bruke noko som ikkje verker, seier president i Veterinærforeningen, Marie Modal, til NRK.no.

Veileder til Forskrift for økologisk matproduksjon

I Mattilsynets rettleiar til Forskrift for økologisk matproduksjon står det at kjemisk eller syntetisk framstilte legemiddel bør avgrensast, og at 'naturlege' middel og metodar bør vektleggast.

Foto: skjermdump, debio.no

– Kan vere ein fare

Marie Modal

President i Veterinærforeningen, Marie Modal.

Foto: NRK

Veterinærforeningen har respekt for at dyreeigarar gjer andre tiltak enn å medisinere.

– Flinke, oppegåande bønder som tidleg ser at eit dyr har jurbetennelse, kan til dømes begynne med hyppig utmjølking i staden for medisinering. Det må vere greitt, seier Modal.

– Det som ikkje er greitt, er å nytte metodar som ikkje er vitskapleg dokumentert. Dyr skal behandlast med omsyn til dyrevelferd som første og viktigaste kriterium, seier Modal.

Sjølv om dei ikkje-dokumenterte behandlingsmetodane ikkje har farlege biverknader, fryktar Modal at råda kan vise seg å vere uheldige for dyra.

– Det som kan vere ein fare, er dersom dyreeigar ikkje er seg særleg bevisst, følgjer desse anbefalingane og dermed forseinkar oppstart av riktig behandling. Då kan ein få negativ effekt av dette rådet, seier Modal.

Modal understrekar at Veterinærforeningen ikkje sit med tal som tilseier at dette er eit stort problem i Noreg.

– Hest som knapt kunne puste

Anne Viken

Veterinær Anne Viken.

Veterinær Anne Viken har opplevd døme på at alternativ medisin har gått ut over dyrevelferd. Ein hest som knapt kunne puste hadde fått homeopatmedisin over fleire veker, mens det han eigentleg trong var astmamedisin, fortel ho.

– Ein del økobønder har så mykje kunnskap at dei veit når det er greitt å bruke homeopati, som altså er det same som å la vere å behandle. Men denne rettleiaren går ut til alle bønder, ikkje berre desse, seier Viken.

– Innser at rettleiaren ikkje er god nok

– Grunnen til at det står om bruk av homeopatmedisin i rettleiaren er at det står om det i EU-regelverket som vi er forplikta gjennom EØS-samarbeidet til å ta inn i vårt regelverk, seier seniorrådgjevar Øygunn Østhagen i Mattilsynet.

– Dei som har utarbeidd dette regelverket er nok ueinige i at desse behandlingsmetodane ikkje har dokumentert verknad, seier ho.

– I deler av Europa har alternativ behandling som homeopati tradisjonelt hatt ein sterkare posisjon og er meir brukt enn i Noreg. Der har det nok også vore ein del lobbyverksemd for å få homeopati og liknande inn i regelverket, seier Lisbeth Hektoen.

Hektoen var den første i Noreg som gjennomførte ei doktoravhandling om bruken av homeopatisk behandling til produksjonsdyr ved Norges veterinærhøgskole i 2004.

Men hadde det ikkje likevel vore mogleg for oss å ha ein annan ordlyd i det norske regelverket? Vi spør Mattilsynet.

– Det hadde vore mogleg å be om endring dersom det er viktig for oss, men vi må då ha argument å grunngi det med, seier Øygunn Østhagen.

Då vi snakka med Mattilsynet torsdag sa dei dette. I ein e-post til NRK fredag skriv Mattilsynet at dei no vil sjå på teksten i rettleiaren.

– Mattilsynet innser at rettleiaren ikkje er god nok på dette området, og det vil bli retta opp, seier Østhagen i ein e-post til NRK fredag.