Hopp til innhold

Nyttårsutbrot på sola

Sola feira nyttår med eit vakkert utbrot i overgangen til det nye året. Og NASAs solobservatorium fanga hendinga på video.

Nyttårutbrot på sola

Solfyrverkeri i det vi går inn i solmaksimumsåret 2013.

Foto: NASA SDO/YouTube

I det 2012 gjekk over til 2013 feira sola med sitt eige flotte nyttårsfyrverkeri.

– Ei flott oppvising av solaktivitet, det er nyttårsballett, kommenterer Solar Dynamics Observatory-maskoten Camilla Corona i videoen som er lagt ut på YouTube.

Sjå videoen her:

Førestellinga skjedde 31 desember 2012, og videoen dekker 4 timar i reell tid, opplyser SDO.

NASAs solobservatorium SDO er eitt av fleire romteleskop som følgjer med på solstormar og andre romvêrhendingar.

– Gassane fell tilbake langs magnetfelt

Videoen viser ein såkalla solproturberans, ei gigantisk boge av glødande raud plasma som blir slyngt ut frå sola.

– Gassen i denne proturberansen klarer heilt å sleppe fri frå solas gravitasjon, dermed fell det meste av gassen tilbake mot solas nedre atmosfære, fortel Pål Brekke ved Norsk Romsenter til NRK.no.

Når gassen fell tilbake igjen fell den ikkje rett ned, men følgjer solas magnetlinjer, noko du kan sjå på videoen.

– Høgt over kromosfæren er tettleiken så låg at det er solas magnetfelt som dominerer. Derfor vil gassane klamre seg til magnetfeltlinjene og bevege seg langs desse. Du ser gassane falle tilbake som om dei blir styrt av ei trakt eller eit røyr, seier Brekke.

Proturberansar som blir slyngt ut med mykje større fart vil kunne unnsleppe sola, og dei blir kalla koronamasseutkastingar (Coronal Mass Ejections).

– Dersom slike er retta mot jorda får vi då kraftig romvêr og mykje nordlys når ei slik gassky slår inn i vår magnetsofære, fortel Brekke.

– Uvanleg slapp syklus

I 2013 er det venta at sola når maksimum på sin elleveårige solsyklus.

Forskarane måler styrken til solsyklusen med å sjå på talet på solflekker, samtidig som målingar av magnetfeltet ved solas polar gir ein peikepinn på når ein ny solsyklus startar.

– Ifølgje berekningar skulle maksstyrken på solsyklusen bli middels og lågare enn dei føregåande syklusane. Dette såg ut til å stemme fram til tidleg i fjor, men så droppa aktiviteten veldig, og no ser det ut til å bli ein uvanleg slapp syklus, seier Brekke.

Men ifølgje Brekke kan dette enno snu.

– Ser ein på førre syklus så hadde den også ein dipp nær maksimum, seier Brekke. Sola kan enno ombestemme seg, så først om eitt til to år veit vi kor kraftig denne syklusen blir.

Dersom det ikkje kjem ei auke blir det ein svært svak syklus og vi må tilbake til 1817 for å finne ein like svak syklus.

– Fleire studiar har indikert at solas aktivitet er på veg ned og at neste syklus kan bli endå svakare. Det er svært spennande, synest Brekke som spekulerer i om vi kan nå historisk låge nivå som Dalton minimum eller Maunder minimum (sjå graf).

Solsyklus

Grafen viser styrken på solsyklusane frå 1600-talet og fram til i dag.