NRK Meny
Normal

Blomsterenga grodde ikkje igjen - sjeldan art var årsaka

Forskarar fann ny maurart som medverkar til å hindre gjengroing.

Matt heimaur

Ein ny maurart er oppdaga i Tjøme i Vestfold.

Foto: Arstein Staverløkk, NINA/ Frode Ødegaard, NINA/ montasje, NRK

Naboar til ei blomstereng på Sønstegård i Tjøme undra seg over at enga aldri grodde att, sjølv om ho aldri vart slått eller beita på.

Svaret viste seg å liggje nede i bakken, der forskarane frå NINA oppdaga ein rydde-maur som ikkje har vore kjent i Noreg før.

Arten matt heimyr (Formica foreli) er i Skandinavia tidlegare berre kjent frå Skåne og Øland. Arten lever i flate tuer som ligg delvis nedgrave i bakken.

Matt heimaur

Unnseleg utsjånad, men viktig for landskapet. Her ser vi dronning (til venstre) og arbeidar (til høgre) av arten matt heimaur, Formica foreli.

Foto: Arnstein Staverløkk, NINA

Fjernar organisk materiale

–Teorien er at mauren opprettheld blomsterenga ved at han fjernar organisk materiale, og lagar gangar i jorda som sikrar god drenering, fortel biolog Frode Ødegaard til NRK.no.

Forskarane fann om lag hundre tuer på eit svært lite areal, og i kvar slik tue kan det vere fleire tusen maur.

På same måte som lita tue kan velte stort lass, kan dei ørsmå maurane samla ha ein stor effekt på omgivnadene. Når kvar og ein av desse små insekta plukkar med seg frø, planterestar og anna som inneheld næringsstoff tilbake til tua, kan dei hindre at buskar og tre slår rot.

Ødegaard var på Tjøme og samla inn arten i fjor sommar, men først i år stadfesta DNA-analysar at mauren var ein art som er ny for Noreg.

Funnet er eitt av til saman 122 funn av nye insektartar som er gjort i Noreg i løpet av tre år gjennom prosjektet INVENT-ART.

Maurtue

Maurtuene til Matt heimaur er nesten heilt flate. Her viser Frode Ødegaard ei tue.

Foto: Frode Ødegaard, NINA

Trivst best i opne landskap

Ødegaard trur at mauren sannsynlegvis har vore mykje meir utbreidd på Austlandet tidlegare, men at arten no berre finst att i ei lita lomme på Tjøme.

Her finn mauren nemleg akkurat det han treng: open mark, sand, og ikkje altfor forstyrra engvegetasjon, utan beitedyr eller trakk.

Slike unike naturområde rundt Oslofjorden er i dag under eit stort press både frå utbyggingsinteresser og feilaktig bruk som kan øydeleggje artens leveområde, fortel Ødegaard.

Det kan vere snakk om å verne om den sjeldne maurarten ved å sette opp gjerder for å hindre at folk trakkar gjennom område.

– Men situasjonen ser ut til å ha vore stabil over lang tid, så mauren ser ut til å klare seg veldig fint sjølv, seier biologen.

Storbladskjærerbie

Bia storbladskjerarbie får hjelp av ryddearbeidet til matt heimaur.

Foto: Arnstein Staverløkk, NINA

Hjelper sjeldan bie

NINA-forskarane trur at mauren også er viktig for eit anna sjeldan insekt som lever i blomsterenga, storbladskjerarbie (Megachile lagopoda). Når mauren ryddar sikrar han betre vekseforhold for ein blomster som bia er avhengig av.

– Skal vi få ei betre forståing av det komplekse samspelet i naturen, må vi også vite kva for artar som lever her, kor dei finst og kva for funksjon dei har i økosystemet, seier Ingrid Salvesen, prosjektleiar for Artsprosjektet i ei pressemelding.