Hopp til innhold

Ny stjernetype overraskar astronomane

– Det at denne nye typen variable stjerner faktisk eksisterer, er ei utfordring for astrofysikarar, seier forskar bak funnet.

Stjernehopen NGC 3766 i stjernebiletet Kentauren

I denne stjernehopen i stjernebiletet Kentauren oppdaga forskarar ein til no ukjent stjernetype.

Foto: ESO

Eit team av sveitsiske astronomar har oppdage ein ny type stjerner som ikkje oppfører seg i tråd med eksisterande teoriar.

Forskarteamet gjorde oppdaginga då dei registrerte ørsmå lysstyrkevariasjonar hos stjerner i ein stjernehop i stjerneteiknet Kentauren. Dei fann då 36 stjerner som følgde eit uventa mønster.

Lysstyrken til stjernene varierer ørlite over eit kort tidsrom på 2-20 timar, frå at lyset blir dimma med 0,1 prosent til ein lysstyrken som er 0,1 prosent større enn normalt.

Til samanlikning varierer også vår eigen sol i lysstyrke med 0,1 prosent, sjølv om ho ikkje er ein variabel stjerne, men då går variasjonen over ein mykje lenger periode på 11 år.

–Utfordring for astrofysikarar

– Det at denne nye typen variable stjerner faktisk eksisterer, er ei utfordring for astrofysikarar, seier teammedlem Sophie Saesen. – Dagens teoretiske modellar tilseier at lysstyrken deira ikkje burde variere i det heile tatt, så no jobbar vi med å finne ut meir om korleis denne nye stjernetypen faktisk oppfører seg.

Variable stjerner er stjerner som varierer i lysstyrke over tid. Nokre kan variere Blant dei mest ekstreme typane, har vi Mira-stjerner, som forsvinn heilt på nattehimmelen for det blotte auget når dei er på det svakaste.

Leonhard Euler-teleskopet i kuppelen sin på La Silla-observatoriet

Euler-teleskopet i kuppelen sin på La Silla-observatoriet.

Foto: ESO/M.Tewes

– Dei fleste typane variable stjerner er kjent i lang tid, og det er ganske sjeldan at dei finn ein ny type, seier astrofysikar Sven Wedemeyer-Böhm ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Presisjonen i målingane har vore nøkkelen for å avdekke desse minimale lysstyrkevariasjonane for første gong.

Euler-teleskopet forskarane har nytta er eit ganske lite teleskop i dagens målestokk, men fordelen med å bruke dette er at teamet har hatt tilgang på mange observasjonstimar, noko det er stor konkurranse om på dei større teleskopa.

– Rotasjon kan vere nøkkelen

Stjernene det er snakk om er litt varmare og meir lyssterke enn sola, men virker elles tilsynelatande allminnelege, ifølgje forskarane.

Sjølv om forskarane enno ikkje forstår årsaka til lysstyrkevariasjonen, har dei eit interessant spor å gå etter. Nokre av stjernene ser nemlig ut til å rotere svært raskt om sin eigen akse.

Rotasjonsfarten er over halvparten av den kritiske farten der stjernene blir ustabile og byrjar å slynge materiale ut i rommet.

– Rotasjonen ser ut til å vere nøkkelen til variasjonen i lysstyrke, seier Wedemeyer-Böhm.

– I ei stjerne er det heile tida ein balanse mellom trykk-krefter og tyngdekraft. Viss du har ein kombinasjon av svært sterk rotasjon og sentrifugalkrefter vil dette kunne verke inn på balansen av krefter, som igjen kan endre eigenskapane til stjerna slik at ho varierer, seier astrofysikaren ved Universitetet i Oslo.

Det sveitsiske forskarteamet håpar no andre forskarar vil sjå nærare på problemet slik at ein kan oppklare kva som ligg til grunn for denne mystiske variasjonen.