Hopp til innhold

Ny "albino"-edderkopp oppdaga

Ein uvanleg kvit edderkopp med farga bein er oppdaga i Australia. – Edderkoppen har giftklør, og eitt bit ville vere smertefullt for menneske.

Albino-edderkopp frå Australia

Denne nye kingelarten kravla opp på verandaen til ein australiar.

Foto: Volker Framenau © Western Australian Museum

Sydney funnel-web-edderkopp

Sydney funnel-web edderkopp. Ein av Australias mest giftige edderkoppar.

Foto: Tirin/Wikimedia Commons

Australia er frå før kjent for sine mange edderkoppar, mange av dei giftige, som redback (Latrodectus hasselti) og den tunnellbyggjande Sydney funnel-web spider (Atrax robustus).

No har kontinentet fått endå ein edderkoppart på lista etter at ein australer fekk eit uvanleg besøk på verandaen.

Fanga i glas

John Cornish oppdaga ein uvanleg kvit edderkopp som kravla på verandaen hans i Grass Valley nær Perth i juli i år.

Cornish fanga den merkelege edderkoppen i eit glas og tok han med til Department of Environment and Conservation for å få ekspertar til å ta ein titt på krabaten.

Her vart det raskt slått fast at den ca 3 centimeter breie edderkoppen var ein ny art.

Fall-lem

Edderkoppen fekk kallenamnet albino trap door spider, eller albino fall-lem-edderkopp på grunn av den uvanlege kvite fargen.

Albino-edderkoppen er i familie med andre trapdoor-edderkoppar som er kjent frå Vest-Australia.

Trapdoor-edderkoppane har fått namnet sitt av di dei byggjer fangstholer med ei kork-liknande falldør som er laga av jord, vegetasjon og silke.

Giftklør

– Edderkoppen har giftklør, og eitt bit ville vere smertefullt for menneske. Men truleg vil det ikkje vere farleg, fortel edderkopp-ekspert Mark S. Harvey ved Western Australia Museum til NRK.no.

Harvey fortel at museet no er i ferd med å byrje på eit forskingsprosjekt for å skildre den nye arten.

Albino vil nok ikkje bli med i det offisielle namnet av edderkoppen.

– Vi føretrekkjer namnet "Grass Valley Whited-headed Trapdoor Spider" sidan det ikkje er ein ekte albino. Det er berre hovudet som er kvitt, medan resten av kroppen har normal farge, seier Harvey.

– Dessverre har vi inga aning om korleis ho-edderkoppar av arten ser ut, for dei har enno ikkje oppdaga, fortel Harvey.

Viss forskarane er heldige kryp det kanskje ei hoe av arten opp på verandaen til Cornish neste sommar.