NRK Meny
Normal

Norsk syndeflod for 10000 år sidan

Vassmasser tilsvarande 70 Niagarafossar skylte nedover Østerdalen i den største flaumen Noreg har hatt.

Noregs største flaum

Mot slutten av siste istid var store mengder vatn oppdemma av isrestar i ein stor innsjø. Då demingen til slutt brast, skylte ei 35-40 meter høg flodbølgje nedover Østerdalen.

Foto: Tuva Tagseth / NRK

Steinaldermenneske som budde langs Oslofjorden mot slutten av siste istid opplevde syndefloden på kroppen då veldige vassmasser braut gjennom ei demning av is og skylde nedover Østerdalen.

–Det er den største flaumen vi har hatt i Noreg nokon gong, seier geolog Kari Sletten ved NGU til Schrödingers katt.

Mykje tyder på at den bibelske forteljinga om syndefloden skriv seg frå nettopp flaumar som oppstod verda over på grunn av issmelting etter siste istid.

Jutulhogget

Geolog Kari Sletten ved NGU

Geolog Kari Sletten ved NGU sit her på kanten av Jutulhogget.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Ein av nord-Europas største canyonar, den 2,5 kilometer lange kløfta Jutulhogget i Hedmark, står att som eit monumentalt bevis for denne katastrofale hendinga for 10 000 år sidan.

Canyon'en er opptil 500 meter brei, og dei stupbratte veggane i canyon'en er 240 meter høge på det høgaste.

Namnet Jutulhogget skriv seg frå eit segn om at det var Rendalsjutulen som hogde fjellkløfta i den hensikt å føre Glomma over i Rendalen, men han vart hindra i dette av Glåmdalsjutulen som slo han i hel.

Men i røynda var det andre krefter som skapte denne dramatiske geologiske formasjonen.

Ispropp

Noregs største flaum

Illustrasjonen viser korleis isen gir etter og dei oppdemma vassmassene i fjellet flaumer ned dalen.

Foto: Tuva Tagseth / NRK

På slutten av den siste istida hadde det meste av den store iskappa smelta ned, men nokre isbrear som låg att i Sør-Noreg skulle føre til ei svær katastrofe.

Vatnet som i dag renn frå vasskiljet og sørover gjennom dei store dalføra på Austlandet, vart demma opp av store ismasser som plugga igjen dalføra.

Det danna seg ein oppmdemt innsjø frå Atna i nord til Elverum i sør. Innsjøen var ein og ein halv gong Mjøsas lengde.

I løpet av kort tid, kanskje berre nokre dagar, brast isdemingen og slapp laus enorme vassmengder tilsvarande 70 Niagarafossar.

Heva seg med 40 meter

Flodbølgja kan ha vore opptil 35-40 meter høg der den rasa nedover dalen.

Då bølgja nådde fram til fjorden, som den gong gjekk heilt opp til Elverum, heva den vassnivået der med 40 meter.

–Vi veit ikkje heilt kva som fanst av steinaldersamfunn der flommen kom ut, men antakeleg budde det folk langs fjordkanten, seier Sletten.

For menneska som budde ved fjorden på denne tida, betydde flaumen slutten.

–Når ein tenkjer seg ein 35 meter høg flaum, kan vi tenkje oss at alt av liv der nede vart fullstendig utradert. Så sånn sett trur eg vi kan snakke om ein norsk syndeflod, legg Sletten til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.