Hopp til innhold

Norsk oppfinning kan minske utslepp av CO2

Ny norsk teknologi kan fjerne opptil 90 prosent av karbondioksid frå røyken frå kolkraftverk.

May-Britt Hägg ved NTNTU

Professor May-Britt Hägg med membranbelagte fibrar som skal fange CO2 frå røykgass.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Norske forskarar ved NTNU har utvikla ein ny og lovande metode for å fjerne klimagassen CO2 frå røykgass med hjelp av ein tynn membran lagt utanpå hole fibrar.

– Hovudfordelen er at det er ein miljøvenleg prosess, vi nyttar ingen kjemikaliar, fortel professor May-Britt Hägg ved NTNU til NRK.no.

Metoden skal kunne nyttast til å fjerne CO2 frå røyken frå kolkraftverk og industri.

Hermar lungene våre

Det May-Britt Hägg og hennar kollegaer har utvikla over mange år, er ein plastmembran eller tynn hinne av polyvinylamin som slepp gjennom CO2, men ingen andre gassar. Mens ein på Mongstad skal nytte løysingar av amin for å absorbere CO2, har Hägg i staden putta amina inn i membranen.

Hinna er berre 1 mikrometer tjukk, noko som er mykje tynnare enn plastfolien heime på kjøkenet.

Sidan hinna er så tynn må ho malast eller strykast på eit sterkare materiale som fungerer som berestruktur.

– Prosessen som skjer i membranen kan samanliknast med det som skjer i lungene våre når vi pustar, fortel Hägg.

I lungene våre er det eit enzym som gjer at CO2 går ekstremt hurtig gjennom lungeveggen. I staden for enzym nyttar Hägg og hennar kollegaer pH (surleiksgrad) til å styre effektiviteten på CO2-transporten.

Ifølgje Hägg kan membranen separere bort opp mot 90 prosent av CO2.

Når karbondioksidgassen først er fjerna frå røyken, er det mogleg å lagre han slik at vi unngår utslepp til atmosfæren.

Hole fibrar

Slike tettpakka fibrar skal kunne fjerne karbondioksid frå røyken før han går ut i atmosfæren.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Først ute i verda

NTNU-forskarane var først ut i verda med å ta patent på denne typen membran, og er dei som har komme lengst med CO2-fjerning frå røykgass med slike membranar, sjølv om andre grupper internasjonalt no pustar dei i nakken.

Førebels har Hägg og kollegaer gjort forsøk med fleire ulike former som berestruktur for membranen, deriblant flate ark. Testingar av membranen på ark i eit stort kolkraftverk i Portugal viste at membranen klarte seg svært godt.

Forma dei går for no er hole fibrar der membranen skal påførast på utsida av fibrane.

Ein slik form kan også pakkast slik at ein får svært mykje overflate på eit lite volum, slik at reinsemodulen tar minst mogleg plass.

May-Britt Hägg

I eit stort laboratorium i kjellaren på NTNU har forskarane blant anna ein eigen membranfabrikk.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

– Kjem ikkje bort frå fossile brensel

May-Britt Hägg vart hekta på membranar seint på 80-talet under eit foredrag. Først no, om lag tjue år etter, begynner teknologien for alvor å bere frukter.

– Miljø har alltid vore viktig for meg, men eg er også realist. Vi kjem ikkje bort frå fossile brensel, seier May-Britt Hägg.

–Hadde eg vore ung hadde eg kanskje vore i mot fossile brensel, men no kan eg så mykje om verdas energisituasjon at eg heller vil vere med på laget og prøve å gjere noko med at vi faktisk brukar fossile brensel.

Hägg har opplevd stor interesse for teknologien, og har no ein internasjonal membranprodusent og eit lag av norske og utanlandske energi- og oljeselskap med i vidare utvikling.

– No er eg ei godt vaksen dame, men eg håpar å sjå teknologien i bruk før eg pensjonerer meg, seier Hägg.