Hopp til innhold

Badande tiger til topps i internasjonal fotokonkurranse

Norsk fotograf er blant vinnarane når National Geographics kårar beste foto i 2012.

Det spektakulære biletet av den indonesiske tiger-hoa Busaba som ristar seg tørr etter eit bad vart kåra til det beste biletet i National Geographics fotokonkurranse for 2012.

– Moder Natur smilte til meg

Fotoet med tittelen «The Explosion! » er tatt av Ashley Vincent frå Thailand, som får ein premie på 10. 000 dollar og ein tur til Washington D.C.

Vincent fortel at han tidlegare hadde tatt mange portrett av tiger-hoa, og det vart stadig vanskelegare å komme på motiv som skilde seg frå dei tidlegare.

Høvet til å ta vinnarmotivet presenterte seg ein dag fotografen observerte Busaba bade, når ho plutseleg rista seg tørr.

– I all audmjuke må eg seie at Moder Natur smilte fordelaktig til meg den dagen, kommenterer fotografen.

I den harde konkurransen frå magasinet som er kjent for det ypperste i foto, nådde også den norske fotografen Kai-Otto Melau opp blant vinnarane:

Ekspedisjon Amundsen

Motivet av deltakarar som dreg pulk over Hardangervidda i eitt av verdas tøffaste skiløp vart stemt fram av lesarane til beste bilete i kategorien People.

Foto: Kai-Otto Melau/National Geographic Photo Contest

– Veldig stas

– Kjempemoro, dette er veldig stas, seier Melau til NRK.no. – Berre det å bli plukka ut av National Geographics som eitt av bileta lesarane kunne stemme over var nok stas i seg sjølv, seier han.

Biletet hans av skiløparar i skiløpet Expedition Amundsen vart stemt fram av lesarane som det beste biletet i kategorien for menneskelege motiv.

National Geographic forside januar

Vinnarbileta blir vist fram i januarnummeret av magasinet National Geographic.

Foto: National Geographic

Expedition Amundsen blir kalla for verdas hardaste skirenn. Det 100 kilometer lange løpet med ski og pulk over Hardangervidda nyttar den same løypa som Roald Amundsen brukte for å førebu seg til Sydpolen-ekspedisjonen sin.

Melau var fotograf for skirennet, og brukte hundeslede for å flytte seg langs løypa.

– Akkurat dette ser ut som eit kosebilete, men berre nokre timar etter at biletet var tatt blåste det opp, og utpå kvelden måtte ein deltakar reddast ned frå fjellet, fortel fotografen.

Melau har etter kvart jobba med ein del slike tøffe konkurransar.

– Eg likar å jobbe med menneske som motiv, men gjerne i situasjonar som slike løp. Då er ein på ein måte med på det sjølv også, og utfordrar seg sjølv, seier han.

Matterhorn med slør

Eit majestetisk snødekt Matterhorn i måneskin vart kåra som det beste i kategorien stader.

Foto: Nenad Saljic/ National Geographic Photo Contest

22.000 påmelde bilete

Meir enn 22.000 bilete vart sendt inn til konkurransen av både profesjonelle og amatørfotografar frå over 150 land. Bileta kunne meldast på i tre kategoriar, menneske, stader og natur.

Gepardmor og unge

Lesarane stemte fram dette biletet av gepard med unge som det beste naturbiletet.

Foto: Sanjeev Bhor/National Geographic Photo Contest

Naturkategorien byr på fleire fantastiske dyrefoto i tillegg til tigeren som tok førstepremien. Blant anna finn vi ein øm augneblink der ei gepardmor ser ut til å få ein leiken klem av ungen sin i ein dyrepark i Kenya.

Det artigaste biletet er reven som jaktar ei mus under snøen, og berre har bakpartiet stikkande opp frå snøfonna.

Fotografen Michael Eastman fortel at reven lokaliserte musa ved hjelp av sin utrulege hørsel, før han tok sats og byksa opp i lufta, skar seg gjennom skaren med nasen, og fanga musa som var ein meter under snøoverflata.

Reven såg nok meir grasiøs ut i hoppet, enn han gjorde etter landinga.

Rev jaktar mus under snøen

Reven på jakt etter byttet under snøen ser ut som om han er skoten som ei pil ned i snøen.

Foto: Micheal Eastman/National Geographic Photo Contest