Hopp til innhold

Nashornfugl ruga ut for første gong

For aller første gong har ein fuglepark klart å ale fram nashornfuglar i fangenskap.

Neshornfugl

Dei to baby-nashornfuglane ved Jurong Bird Park er dei første i sitt slag som er ala fram i fangenskap.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp

Dyreparken Jurong Bird Park i Singapore har som første dyrepark i verda klart å få fram to babynashornfuglar ved kunstig ruging.

For oss som har mest kjennskap til høns høyrest det ikkje så vanskeleg ut å klekke ut eit par kyllingar, men med nashornfuglar er dette ei heilt anna sak.

Murer kona inne

– Alle nasehornfuglane er vanskeleg å ale opp i fangenskap, fortel biolog Petter Bøckman ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Grunnen til dette er at nashornfuglar har ei innfløkt forplanting.

– Nashornfuglar legg egg inne i holrom i tre, som hannen murer igjen med leire, seier biologen.

Bøckman fortel at for at nashornfuglar i det heile tatt skal pare seg, må dei ha tilgjengeleg eit passande hol i eit tre. Dei må også ha tilgang på heilt riktig leire som fuglen brukar til å mure att holet.

– Når hofuglen har lagt egga inne i holrommet, murer hannen hoa att inne i holet. Gjennom ei lita opning i muren må far få inn all maten til kone og barn.

– Far flyr fletta av seg, forsikrar Bøckman.

Når ungane blir store nok, sparkar dei ut leirveggen og flyg ut.

Prøving og feiling

– Dette er prøving og feiling på høgt nivå. Først må altså fuglepassarane få fuglane til å pare seg, så må dei få tak i egga, og så må dei klare å matche temperaturen som blir inne i leirholet, fortel Bøckman.

– Det er ein grunn til at vi held høner tamme, og ikkje andre fuglar, seier biologen frå Universitetet i Oslo.

Neshornfugl

Den 42 dagar gamle nashornfuglen blir mata med frukt av fuglepassaren.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp