NRK Meny
Normal

Tjuvar fekk kontrollkoder til romstasjon

Ein laptop med kontrollkoder til Den internasjonale romstasjonen vart i fjor stålne frå NASA.

ISS

NASA har blitt utsett for svært mykje datakriminalitet dei siste åra. Blant anna har kontrollkodene til Den internasjonale romstasjonen blitt stelt.

Foto: HO / AFP

I ei høyring i romfartskomiteen i den amerikanske Kongressen, fortalde NASA-inspektør Paul K. Martin at ein laptop vart strålen frå romfartsorganisasjonen i mars i 2011. Dette resulterte i tap av algoritmar som vart nytta til å kontrollere Den internasjonale romfartsstasjonen, skriv Huffington Post.

– Operasjonane ved romfartstasjonen har aldri vore i fare grunna datatjuveriet, forsikrar NASA i fagtidsskriftet SecurityNewsDaily.

Men datainnbrotet illustrerer likevel den aukande trenden om at NASA er eit ynda mål for hackarar.

Mykje sensitiv data lekka

I perioden frå april 2009 til april 2011 vart det stelt 48 smartelefonar og bærbare datamaskinar frå NASA.

Nokre av desse tjuveria resulterte i lekkasje av svært sensitiv data.

2011 skal ha vore eit år med ekstraordinært mange cyberåttak. I 2010 og 2011 skal det ha vore over 5000 hendingar med datakriminalitet mot romfartsorganisasjonen. Det har resultert i kostnader for NASA på om lag 7 millionar dollar.

– Desse hendingane inneber alt frå enkeltindivid som testar datakunnskapen sin ved å prøve å bryte inn i NASA, til velorganiserte kriminelle organisasjonar som hacker for profitt, sa Martin i høyringa.

Han stadfestar at det også har hendt at hacking har blitt sponsa av internasjonale etterretningsorganisasjonar.

20 år gammal rumenar

Eit av dei mange datainnbrota mot NASA vart utført av ein 20 år gammal rumenar, kjend under hackenamnet TinKode. Han skal ha klart å hacke seg inn på ein dataserver i NASA sitt goddard Space Center.

Her skal han ha klart å hente ut hemmeligheitsstempla satellittinformasjon og lagt det ut på bloggen sin.

NASA ønskjer no å få kryptert informasjonen på maskinane sine. I dag er ikkje meir enn 1 prosent av NASA sitt bærbare datautstyr kryptert.