Hopp til innhold

NASA-forsking: Framtidas super-rakett kan bryta med fysikkens lovar

Kan ein motor kor ingenting kjem ut, og ingenting kjem inn, driva noko framover? Ja, meiner amerikanske forskarar

Oppskyting av en rakett fra Cape Canaveral i Florida

Dagens rakettar er avhengig av drivstoff. I framtida er det ikkje sikkert dei treng noko meir enn eit solcellepanel for å reisa i verdsrommet.

Foto: AP

Ein skulle tru det ville vera umogleg å reisa i rommet utan å bruka noko drivstoff.

Men om du tok fysikk på vidaregåande hugsar du kanskje Newtons tredje lov. Ho seier at når ei kraft verkar på ein gjenstand, verkar ei like stor og motsett retta kraft frå gjenstanden.

NASA-forsking som er publisert i Journal of Propulsion and Power, og som Washington Post fortel om, viser at denne lova ikkje treng vera absolutt.

Astrofysikk-forskarar hos NASA har testa eit elektromagnetisk drivkraftsystem, eller «EM drive», skriv den amerikanske avisa.

Mikrobølger

Den motoren får ei drivkraft ved at mikrobølger sprett rundt i eit kjegleforma rom laga av kopar.

Motoren får ingen injeksjon av noko form, og han slepp heller ikkje ut noko.

Motoren går ved hjelp av elektrisitet. På ei romferje eller rakett kan ein sjå føre seg eit solcellepanel. Og dersom ein i framtida slepp å tenka på Newtons tredje lov, kan ein reisa langt ut i verdsrommet utan å ha med seg masse drivstoff.

Ein vanleg jetmotor verkar slik du kan sjå på grafikken frå NASA under. Altså ei kraft framover får ein reaksjon bakover.

Nasa-illustrasjon som viser koss jetmotor fungerer.

Ein NASA-illustrasjon som viser korleis ein jetmotor fungerer.

Foto: Arild Færaas

Førebels er det snakk om 1,2 millinewton drivkraft per kilowatt elektrisitet som «EM driven» kan gi. Det er veldig mykje mindre enn krafta de noverande motorane til romraketten. Men berre at det kanskje kan gå an, er sensasjonelt.

10 år gammal ide

Washington Post skriv at ideen til ein såkalla «EM drive» kom for ei tiår sidan av briten Roger Shawyer. Han meinte at eigentleg var ikkje denne motoren «reaksjonslaus», men at drivkrafta kjem frå strålingstrykk – mikrobølgene fører til ein ubalanse i strålinga som dyttar mot veggane og så lagar drivkraft.

Den ideen fekk mykje merksemd, men mange vitskapsfolk var veldig skeptiske. Og mange er det framleis. Det er nemleg fordi det ikkje er noko teoretisk forklaring på at dette kan fungera.

Men no meiner altså NASA-forskarane at det faktisk fungerer. Likevel merkar Washington Post seg at NASA har vore usedvanleg lite opne om dette prosjektet, og at dei verkar å underspela resultata.

Skal sjekka ut moglege feilkjelder

I den publiserte forskinga ser ikkje forskarane bort frå at det kan vera feil resultat, sjølv om både dei og andre forskarar som har gått gjennom forskinga, ikkje har funne nokre feil enno.

Forskarane har førebels lista opp ni moglege feilkjelder, som dei treng å testa ut.

Astrofysikar Brian Koberlein som reknar seg sjølve som ein skeptikar, skriv i Forbes at han må innrømma at arbeidet er «gyldig forsking». Han seier det er slik vitskap skal gjerast, om ein skal gjera det rett. No utfordrar han NASA-forskarane til å prøva eksperimentet i verdsrommet.

Vil du lesa meir, tilrår vi og denne saka i National Geographic.

Les også: