Ved Universitetet i Liverpool har forskarane tatt i bruk eit vidgjete fossilt skjellett i studiar av denne saka – skjelettet av "Lucy", som levde i Afrika for vel 3 millionar år sidan. Ved hjelp av mål og form på skjelettet, har dei laga data-animasjonar av korleis Lucy kan ha gått. Dei finn ut at Lucy ikkje berre gjekk på to bein, men også et ho gjekk heilt oppreist, og har ein teori om at den oppreiste gangen kan ha utvikla seg hos forløparen til mennesket tidlegare enn det vi hittil har trudd. For å gå vidare med teorien, gjer dei samanlikningar med gangen til ein av dei fjerne slekningane våre blant menneskeapene, orangutangen.
For omkring 10-15 millionar år sidan, reknar forskarane med at dei felles forfedrane til mennesket og skapningar som liknar menneskeapene, levde i trea. Det har hittil vore vanleg å tru at gange på to bein hos forfedrane våre, utvikla seg etter at dei kom ned frå trea. Men forskarane i Liverpool sin teori er no, at gange på bakbeina kan ha utvikla seg alt medan dei levde i trea – for opptil 15 millionar år sidan.
Men så langt er det berre ein teori. Dei eldste funna som syner at forløparen til mennesket berre brukte bakbeina ved gange, er 3,7 millonar år gamle fotspor funne i Afrika.