Dette kan bli framtidas isolasjon

Nanokuler bakt inn i veggen kan bli framtidas isolasjonsmateriale.

Nanokuler av silika

Nanokulene i dette glaset kan danne grunnlag for framtidas isolasjon.

Foto: NTNU/ NRK/ montasje

Ørsmå nanokuler eller nanoporar kan bli isolasjonsmaterialet vi byggjer inn i framtidige bygg, i alle fall om forskarane ved Forskningssenteret for nullutslippsbygg (ZEB) ved NTNU og SINTEF får det som dei vil.

I nye energisparande hus kan veggane måtte bli 40-50 centimeter tjukke for å halde godt nok på varmen. Med nanoisolasjonmateriale kan tjukkelsen på veggane komme ned i 10-15 centimeter med same effekt, ifølgje professor Bjørn Petter Jelle ved SINTEF og NTNU.

– Utgangspunktet vårt er at vi ikkje skal gå opp i tjukkelse, men at ein likevel skal få betre isolasjon, seier Jelle til NRK.no.

I mange tilfelle er det også nødvendig å kunne oppnå god isolasjon i tynne veggar.

Gunstig for miljø og økonomi

Ved å gå ned i tjukkelse kan ein blant anna frakte mykje meir isolasjon samanlikna med dagens isolasjon, noko som er gunstig både for økonomi og miljøet, ifølgje Jelle.

I tillegg er buareal verdifullt. Viss ein har ei avgrensa flate å byggje på vil vanleg isolasjonsmateriale spise mykje av arealet.

Hindrar varmetap

Den opphavlege ideen til forskarane var å lage nanoporar, men dei oppdaga at det førebels var lettare å lage ørsmå, hole kuler av silika (silisiumoksid).

Kulene er frå 20-200 nanometer i diameter. Med ein kulediameter på for eksempel 170 diameter er det plass til om lag 6000 av dei på 1 millimeter.

Nettopp storleiken på kulene er nøkkelen til den gode isolasjonsevna deira. Når holromma er så små, blir luftmolekyla enkelt sagt hindra i å krasje i kvarandre og overføre varme til kvarandre.

På denne måten blir varmetapet gjennom veggen mykje mindre enn hos tradisjonelle isolasjonsmateriale.

Sjå korleis forskarane lagar nanokulene:

Innslag i Schrödingers katt om at nanokuler kan gi grunnlag for framtidas isolasjonsmateriale.

Ønsker ikkje ny asbest-sak

Men kor trygt er det eigentleg å fylle veggane med nanomateriale? Lærdommen frå asbest er at det er grunn til å vere forsiktig med byggjemateriale som kan avgi mikrofibrar som kan bli pusta inn.

– Viss vi bruker kuler må dei settast saman eller pakka inn i eit bulkmateriale slik at vi unngår at kulene slepp ut og kan bli pusta inn. Vi ønsker ikkje ein ny asbest-sak, seier Jelle.

– Det aller beste ville vore om vi kunne ha fått laga eit bulkmateriale med nanoporar direkte, altså ikkje omvegen om nanokuler, seier Jelle.

– Materialet må vere så trygt at det kan sagast og kuttast utan at det er fare for helsa.

Men enno er ikkje forskarane heilt der at dei har byrja å forske på helsefare. – Vi må først ut frå prinsippa få laga eit praktisk materiale med så låg varmeleiingsevne som mogleg, seier Jelle.


Sjå innslaget i Schrödingers katt på NRK1 torsdag 25/9 kl. 19.45.