NRK Meny
Normal

Mørk sjokolade inneheld meir antioksidantar enn bær og frukt

Mørk sjokolade inneheld meir antioksidantar enn blåbær og tranebær, har engelske forskarar funne ut. – Grønsaker er ei betre og sunnare kjelde til antioksidantar, seier norsk professor.

Mørk sjokolade

Mørk sjokolade er ikkje berre godt, det inneheld også meir antioksidantar enn blåbær og tranebær viser ny forsking.

Foto: Colourbox

Ei gruppe engelske forskarar har samanlikna innhaldet av antioksidantar i mørk sjokolade med fruktpulver og jusar av såkalla "superfrukt", frukt og bær som er rekna som spesielt gunstige for helsa.

Tomat

Tomatar er fulle av det knallraude antioksidanten lykopen.

Foto: Colourbox

Wenche Frølich

Professor Wenche Frølich synest heller vi bør jakte på antioksidantar i grønsaker enn i sjokolade og frukt.

Foto: Universitetet i Stavanger
Aubergine

Lilla aubergine inneheld antioksidanten antocyanin.

Foto: Vladimir Blinov / Colourbox
Brokkoli

Brokkoli er stappfull av C-vitamin og inneheld også mykje karotenoider, ein type antioksidantar.

Foto: NM Bruger / Colourbox
Kveiteaks og korn

Kornslaga våre inneheld også antioksidantar. Kveite og rug inneheld antioksidanten alkylresorcinol.

Foto: Colourbox
Dei kom fram til det oppsiktsvekkjande resultatet at det er meir antioksidantar i mørk sjokolade enn i fruktene som var med i studien.

Forskarane er rett nok tilsett ved sjokoladefabrikanten Hershey, men studien er publisert i det seriøse tidsskriftet Chemistry Central, noko som ikkje gir oss grunn til å tvile på resultata.

Dankar ut acai og tranebær

Blant fruktene som var med i studien er granateple, det brasilianske motebæret acai, tranebær og blåbær.

Dette er frukt og bær som alle er kjente for å innehalde mykje antioksidantar, naturlege plantestoff som hindrar maten – og også oss menneske - i å "harskne".

Antioksidantane vernar oss mot celleskade gjennom å hindre skadeleg oksidasjon av molekyl i kroppen vår.

I studien målte forskarane total antioksidativ kapasitet ved dei ulike matvarene, noko som gir ei viss indikasjon på kor flinke dei ulike fruktene var til å motverke oksidasjon.

Forskarane målte også innhaldet av ulike antioksidantar i fruktene, og fann blant anna ut at mørk sjokolade danka ut bær og frukt i innhald av antioksidanten flavanol.

På bakgrunn av dette meiner forskarane bak studien at sjokolade bør bli klassifisert som ein ny "superfrukt".

– Dårleg bytte

– Du kan gjerne ete bitte lite grann mørk sjokolade, men å bytte ut frukt med lys sjokolade med mykje sukker og feitt er eit dårleg bytte, seier Wenche Frølich, professor i mat og ernæringsvitskap ved Universitetet i Stavanger.

– Men når det er sagt, så er ikkje frukt heller den beste kjelda til antioksidantar, seier Frølich. Dessutan inneheld frukt forholdsvis mykje sukker, og som kjent bør inntaket vårt av sukker liggje på under 10% av energiforbruket vårt.

Frølich seier at grønsaker er ei betre og sunnare kjelde til antioksidantar, eller bioaktive komponentar som Frølich helst kallar desse verksame plantestoffa.

Mange fargerike grønsaker, som til dømes den grøne brokkolien, den raude tomaten eller den mørkelilla auberginen, er rike på antioksidantar, samtidig som dei har lågt innhald av sukker.

– Nettopp difor er dei nye kosthaldsråda frå myndigheitene nyansert til at "5 om dagen" bør bestå av fire grønsaker og ein frukt, fortel Frølich.

Antioksidantar i korn

Professoren i mat og ernæringsvitskap vil også trekkje fram ein annan matsort som vi vanlegvis ikkje tenkjer på som rik på antioksidantar, nemlig grove korn og mjølsortar.

– Fullkorn av havre, rug, kveite og bygg inneheld alle mange antioksidantar, fortel Frølich, som sjølv har forska på kornslag i heile sin karriere.

Rug og kveite inneheld til dømes antioksidanten alkylresorcinol, som ser ut til å verke positivt på helsa.

Frølich anbefaler difor folk å ete grovt brød, grønsaker, og altså litt sjokolade.

– Men det må vere mørk sjokolade med minst 75-80% kakaoinnhald, presiserer Frølich.

Og skulle du no bli freista til å bytte ut eplet med mjølkesjokolade, så får du ingen hjelp av forsking til å gjere dette med godt samvit.

– Lys sjokolade hjelper ikkje i det heile tatt, med unntak av på humøret då, humrer Frølich.