Monsterbølgjer meir vanleg enn ein har trudd

Forskarar meiner at sjansen for ekstrembølgjer kan auke til 1 av 300 når bølgjer møter motgåande havstraumar.

Monsterbølge

Monsterbølgjer er uforklarlege bølgjer som oppstår brått og utan varsel. No meiner forskarar dei kan vekse seg større ved møter med havstraumar.

Foto: Scanpix

Einsame ekstrembølgjer på opptil 25 meter som dukkar opp nærast frå ingenting, kan vere meir vanlege enn ein tidlegare har trudd.

Det meiner i alle fall italienske og australske oseanografiforskarar som har gjort utrekningar på sannsynlegheita for monsterbølgjer.

Myte

Tidlegare var monsterbølgjer sett på som ei myte blant sjøfolk, men no er det ikkje lenger tvil om at slike ekstreme havbølgjer verkeleg eksisterer.

I 1995 vart mellom anna oljeplattformen Draupner i Nordsjøen råka av ei bølgje som vart målt til 25,6 meter, medan bølgjene omkring hadde ei bølgjehøgde på om lag 12 meter.

I tillegg til fleire rapporterte hendingar, har også satellittobservasjonar bekrefta at slike ekstrembølgjer verkeleg finst.

Sjeldne vêrforhold

– Monsterbølgjer kan oppstå under heilt spesielle og truleg svært sjeldne vêrforhold. Når det gjeld desse er vi ikkje heilt i mål med å forstå når dei vil oppstå, seier Sverre Haver, seniorspesialist i plattformteknologi ved Statoil.

Haver er ein av Noregs fremste ekspertar på såkalla monsterbølgjer.

Fysikarar har utvikla fleire alternative teoriar og modellar for å freiste å forklare fenomenet, og for å kunne seie kor ofte ekstrembølgjer vil oppstå.

Ikkje-lineære modellar tar omsyn til at bølgjer kan stele energi frå omkringliggjande bølgjer, og slik vekse seg større. Desse teoriane tilseier at monsterbølgjer kan oppstå så ofte som 1 av 1000 ”vanlege bølgjer”.

Alessandro Toffoli ved Swinburne University i Melbourne i Australia og Miguel Onorato og Davide Proment frå Università degli Studi di Torino i Italia har bygd vidare på desse teoriane.

Dei finn at monsterbølgjer kan oppstå oftare enn dette under spesielle tilhøve.

Motgåande havstraumar

Forskarane finn at ei monsterbølgje har større sjanse for å oppstå når ein bølgjeformasjon møter ein havstraum som går i motsett retning.

I det bølgjer beveger seg ut i ein motgåande havstraum, kan dette setje i gong ein prosess som gjer bølgjene ustabile, og dette kan igjen føre til at ei av bølgjene i gruppa raskt aukar i storleik.

Funna deira er godkjent for publikasjon i det anerkjente tidsskriftet Physical Review Letters.

1 av 300

– For at ei monsterbølgje skal oppstå er det ei rekke vilkår som må vere oppfylt. Retninga og farten på bølgjene og den møtande havstraumen, saman med endringa i farten på havstraumen er alle viktige faktorar i danninga av ei monsterbølgje, seier Toffoli i ei pressemelding frå University of Swinburne.

– Dette kan skje til havs, eller nær kysten der det er sterke tidevasstraumar, seier Toffoli.

– Når bølgjer møter ein havstraum som går i motsett retning, aukar sjansen for ekstrembølgjer til 1 av 300, seier Toffoli.

Ikkje fare for nye plattformar

Sverre Haver fortel at det har vore fokus på monsterbølgjer og sikkerheit på oljeinstallasjonar sidan Draupner-bølgja i 1995.

Haver meiner difor at det ikkje er stor grunn til bekymring for norske oljeinstallasjonar trass dei nye funna, då nyare plattformar er designa for å tole bølgjer som har ei sjanse for å oppstå kvart 10.000 år. Dette tilsvarer bølgjehøgder på opptil 34- 40 meter.

– Forskarane snakkar her om ein heilt spesiell og atypisk vêrsituasjon, seier Haver.

Men i andre havområde enn Nordsjøen kan slike vêr- og straumtilhøve vere meir vanlege.

Forskarane sjølve håpar at deira funn kan gi betre varsel om monsterbølgjer til havs slik at skipa kan unngå farlege ruter.