Hopp til innhold

Minutta då NASA held pusten

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Eg har håp om at han skal greie det, men landinga er svært komplisert og mykje kan gå gale, seier norsk romfartsekspert.

Måndag morgon klokka 07.31, norsk tid, rasar NASAs nye rullande Marslaboratorium Curiosity inn i atmosfæren til Mars.

Då startar ein landingsprosedyre som NASA-forskarane sjølv karakteriserer som galskap før det heile er over etter sju minutt.

Først 14 minutt etter får NASA-ekspertane på kontrollsenteret i USA vite om landinga var vellukka – på grunn av den lange distansen signala må tilbakeleggje.

Prislappen for roveren og ferda til Mars er om lag 15 milliardar norske kroner.

– Vil vere fantastisk prestasjon

– Viss Curiosity klarar den kompliserte landinga på Mars måndag vil eg seie det er ein heilt fantastisk prestasjon. Dette er den mest kompliserte roboten som har blitt sendt opp til Mars til no, seier romfartsekspert Erik Tandberg til NRK.no.

– Eg har håp om at han skal greie det, men landinga er svært komplisert. Sjølv om landinga teoretisk skal gå, er det veldig mykje som kan gå gale, seier han.

Astrobiolog Hans Amundsen har vore med på å teste ut fleire av Curiositys instrument på Svalbard, og var også med på oppskytinga av sonden 26. november i fjor.

– Alle vi som er involvert i dette er veldig spente. Det er investert tusenvis av årsverk, og det er svært viktig at dette blir vellukka. Dette er ei veldig viktig ferd, seier han i eit intervju til NRK Norgesglasset.

Han trur landinga vil gå ut over neglene til mange av dei på mission control i USA.

Sjå NASAs video av korleis landinga skal gå føre seg:

– Reodor Felgen-mekanisme

Når sonden rasar inn i Marsatmosfæren som ei geværkule måndag morgon startar ei svært avansert landing for å få den nesten eitt tonn tunge roveren trygt ned på bakken i eitt heilt stykke.

Mens Marsrovarane Spirit og Opportunity landa på Marsoverflata innpakka i oppblåsbare puter som spratt opp og ned som ein badeball, er Curiosity for tung til at den kan lande slik.

– Dei har laga ein mekanisme a la Reodor Felgen i Flåklypa med masse tekniske ting som skal skje automatisk, fortel Hans Amundsen.

Det første som skjer er at eit varmeskjold begynner å bremse opp sondens ville fart i det han rasar inn i Marsatmosfæren med ein fart på rundt 5900 meter per sekund. Friksjonen med atmosfæren vil føre til at varmeskjoldet må tole ein temperatur på opptil 2100 grader.

Etter om lag 254 sekund, når sonden er 10 000 meter over bakken, blir det løyst ut ein svær spesiallaga fallskjerm som skal bremse sonden endå meir.

Varmeskjoldet må bort for å gi roboten radarsikt over landingsstaden, og det blir slept av når sonden er circa 8 kilometer over bakken.

Hans Amundsen, geofysiker og astrobiolog

Astrobiolog Hans Amundsen opnar sjampanjen dersom måndagens Marslanding blir vellukka.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Fyrer opp rakettar

1,6 kilometer over bakken vil roveren og landingsrampa losne frå det bakre skalet. Farten er no nede i 80 meter per sekund, noko som framleis er altfor stor fart for å få roveren trygt på bakken.

På dette stadiet skal åtte rakettar på landingskonstruksjonen bli fyrt opp og bremse det heile opp fullstendig så det står og svevar og vippar eit stykke over bakken.

I siste fase av landinga skal Curiosity firast ned på bakken på ein wire, før navlestrengen blir kutta og resten av landingskonstruksjonen reiser bakover og krasjar i fjellsida.

Dersom alt dette går som NASA har planlagt, vil Curiosity då stå på landingsstaden i Galekrateret på Mars.

Ein landingsstad som er valt på grunn av den interessante geologien på staden, med dei eldste bergartane på planeten.

Roboten Curiosity

Curiosity på overflata av Mars slik NASA håpar han vil vere måndag morgon kl. 07.38.

Foto: NASA/JPL

– Skal bla tilbake i Mars-historia

Etter ei lang ferd på svimlande 567 millionar kilometer vil Curiosity no vere klar for å utføre undersøkingar av Mars på eit oppdrag som i første omgang skal vare eitt Marsår (98 veker), men mest sannsynleg også lenger enn dette.

Eit atomkraftverk på ryggen av roveren vil gi den kraftforsyning til å operere over lang tid.

– Roveren skal bla langt tilbake i Marshistoria og prøve å fortelje korleis det var tidleg på Mars. Om det var vått og hyggjeleg og Avatar-aktig, og om det er moglegheiter for at liv kan ha eksistert, fortel Amundsen.

– Kan endre heile måten vi ser på Mars på

Dersom landinga på måndag går etter planen er Amundsen svært optimistisk til kva Curiosity kan utrette:

– Det kjem til å bli fantastisk. Viss han kjem gjennom det kritiske nålauget slik at roveren får lande og gjere det han er laga til å gjere, så kjem det til å bli ei av dei kulaste astro-geo-planetære hendingar i manns minne.

– Roveren kan eksistere så lenge med det atomkraftverket sitt, han kan halde på så lenge og gjere så mykje, og er så mobil. Han kan endre heile måten vi ser på Mars på, seier astrobiologen.

Og om det verste skulle hende og roboten går i bakken med eit ekkelt klask, gjettar Amundsen at NASA vil sette i gang med å lage ein ny med ein gong.

– Det er viktig å få noko ut av all investeringa som ligg bak alt dette, og ikkje berre på amerikansk side, seier han.