Hopp til innhold

Vårt teknologiske avtrykk på kloden

Sjå bileta som viser korleis menneskeleg teknologi dekker jorda vår som eit edderkoppnett.

Månadag 31. oktober blir vi sju milliardar menneske på jorda - ein milliard fleire enn vi var i 1999.

Den 34 år gamle kanadiske antropologen og miljøvernaren Felix Pharand-Deschenes har laga ei serie bilete og ein video som illustrerer nokre av effektane den stadig aukande menneskemengda har på kloden vår.

Sjå video som viser kommunikasjonsårer og kablar lagt over satellittbilete av jordkloden:

Video Vårt teknologisk avtrykk

Vårt teknologiske avtrykk

Edderkoppnett

Vårt teknologiske avtrykk

Kommunikasjonsårer lagt over eit nattleg satellittbilete av Nord-Amerika. Byane er knutepunktar i den teknologiske edderkoppveven.

Foto: Felix Pharand-Deschenes / / SPL/ Barcroft Media/ Bulls Press

Deschenes som også er grunnleggjar av utdanningsorganisasjonen Globaia, har laga illustrasjonane basert på verkelege data – berre ved hjelp av internett og ei datamaskin.

– Desse bileta viser fleire sider av global menneskeleg aktivitet, seier Deschenes.

– Vi ser alt frå vegar, lysforureining frå byane, jernbaner, kraftlinjer, heilt ned til undervasskablar, røyrleidningar, skipsårer og lufttrafikk, seier kandieren.

Alle kommunikasjonslinjene våre er plotta inn og lagt over satellittbilete av jordkloden – riktig nok ikkje i riktig skala, då ein ikkje kan sjå ein elektrisk kabel frå rommet.

Bileta viser korleis teknologien utvikla av menneskearten omsluttar heile jordkloden som eit gigantisk edderkoppnett, der byane utgjer knutepunkt for kommunikasjonstrådane.

Asfaltert tre prosent av landjorda

For å sy saman illustrasjonane har Pharand-Deschenes brukt offentlege amerikanske kjelder som National Geospatial Intelligence Agency og National Oceanic for å hente data om jernbanelinjer, røyrleidningar og vegar, og Atmospheric Administration som kjelde for lufttrafikken.

Under arbeidet med illustrasjonane fann også Deschenes ut at vi menneske har dekka heile 3 prosent av landoverflata på kloden med asfalt.

Dette svarar til 4,4 millionar kvadratkilometer, noko som er eit område som er større enn arealet til India.

Optimistisk

Vårt teknologiske avtrykk

Flyruter mellom Nord-Amerika og Europa.

Foto: Felix Pharand-Deschenes / SPL/ Barcroft Media/ Bulls Press

Trass i dei globale utfordringane som følgjer med menneskeeksplosjonen, vil ikkje Felix Pharand-Deschenes svartmale situasjonen.

– Dagens globale sivilisasjon er resultatet av arbeidet til milliardar av menneske gjennom historia, seier Deschenes.

– Desse illustrasjonane ar eit verkty for å gjere folk medvitne. Eg meiner vi har ei plikt til å vere optimistiske.

Sjå fleire fantastiske biletgalleri:

Jorda som aldri sover

Slik har vi aldri før sett Solen

Dette er årets beste astronomibilete

Fantastiske naturfoto til topps i konkurranse