NRK Meny
Normal

Melonstort hagl kan vere bløff

Bilete av eit hagl på storleik med ein melon som skal ha falle ned over Norman, Oklahoma i førre veke har versert på nettet. Norske meteorologar tviler på at det er ekte.

Rekordstort hagl (via seerbilde til News on 6). Men er det ekte? unders eksperter.

Dette biletet av eit påstått haglkorn som skal ha falt ned i ein storm i Oklahoma får meteorologar til å rynke bryna.

Foto: Newson6.com

Det sjåarinnsende biletet av det melonstore haglet vart publisert i ein lysbiletserie hos NewsOn6 som viser øydeleggjingane etter tornadoane i Oklahoma i førre veke. Sidan har biletet spreidd seg på nettet.

No stiller fleire seg tvilande til at isklumpen er eit ekte haglkorn.

Mistenkeleg glatt

John Smits

Meteorolog John Smits seier at haglkorn på denne storleiken vanlegvis ikkje er så glatte.

Foto: met.no

Meteorologane John Smits og Hans Olav Hygen ved meteorologisk institutt synest også at det påståtte haglkornet ser ut som ein bløff.

– Det er veldig glatt og blankt tvers igjennom for hagl å vere, seier statsmeteorolog John Smits til NRK.no.

Kollega Hans Olav Hygen er einig med Smits i at melonhaglet frå Oklahoma ser mistenkeleg glatt og symmetrisk ut.

Smits synest også det er snodig at haglkornet ikkje har tatt synleg skade av møtet med bakken.

Den uvanlege formen til haglkornet har fått enkelte nettdebatantar til å spekulere om isklumpen kan vere laga ved å fryse ein ballong fylt med vatn.

– Store haglkorn ser vanlegvis ut som rekordhaglet frå South Dakota i fjor sommar, seier Smits.

Haglkornet som fall ned over Vivian i South Dakota 23 juli i 2010 er svært knudrete, og ein kan tydeleg sjå at det er danna ved at mange haglkorn har smelta saman til eit stort hagl.

Rekordhagl frå South Dakota

Rekordhaglet som fall ned i Vivian i South Dakota i 2010 var 20 centimeter i diameter og vog 0,88 kilo.

Foto: NWS Aberdeen, SD/ CC

Hagl blir til ved at små dropar i skyene frys til is, og dei små iskorna blir ført oppover i skya av sterke luftstraumar.

Haglkorna kan så vekse seg større ved at fuktigheit eller små dropar i lufta legg seg på utsida av haglet, eller ved at haglkorn kolliderer og hektar seg saman.

Årringar

For at korna skal vekse seg store må det vere store krefter i skyene som kan halde korna flygande.

– Haglkorn større enn ei fingernegl er sjeldan, seier meteorolog Hans Olav Hygen ved meteorologisk institutt.

Likevel har det altså skjedd at haglkorn har vekst seg svært store.

Rekorden i største diameter som er offisielt målt har haglkornet frå Vivian, South Dakota med 20 centimeter.

Det tyngste haglkornet som er registrert nokon sinne var eit haglkorn på 1,0 kilo som fall ned i ein haglstorm i Bangladesh i april 1986.

– Om haglkornet frå Oklahoma er ekte ser det ut til å slå tidlegare rekordar seier Hans Olav Hygen.

– For å seie sikkert om dette er ein bløff, måtte ein laga eit snitt gjennom haglkornet, fortel Hygen.

– Eit slikt symmetrisk haglkorn ville hatt ein indre struktur omtrent som årringar. Dette kjem av at haglkornet vil smelte når det er lågt nede i skya, og frys når det er høgt oppe, fortel Hygen.