Biletet av ein levande hjerne med arteriar og vener vart kåra til det beste biletet i fotokonkurransen Wellcome Image Awards 2012.
Den levande, tenkjande hjernen var blottlagt for å kartleggje elektriske signal hos ein epileptikar før ein operasjon.
Prisen har blitt delt ut sidan 2000 av Wellcome Trust, ein London-basert veldedig organisasjon som gir støtte til biomedisinsk forsking.
- Les også:
Ein svakt rosa hjerne er blottlagt med raude arteriar og mørk lilla vener i vinnarbiletet.
Foto: Wellcome ImagesIkkje grå, men rosa
– Dette er eit oppsiktsvekkjande bilete av ein menneskeleg hjerne. Det som gjer det så ulikt andre bilete vi har sett av overflata av hjernen er at organet på dette biletet er levande. Dette er ein hjerne slik vi ser han under nevrokirurgi, seier jurymedlem professor Alice Roberts.
I biletet som er tatt av fotograf Robert Ludlow kjem det også fram at hjernens grå materie ikkje er så grå likevel. I levande live er han meir rosa.
– Fotografens bilete gir oss privilegiet av å sjå noko som vanlegvis er skjult for oss. Arteriane er lyst raude av blod fullt av oksygen, venene er mørk lilla, og den grå substansen er ein svakt rosa. Det er ekstraordinært, seier Roberts.
Elektronmikroskopibilete av kaffeinkrystallar.
Foto: Wellcome ImagesKaffeinkrystallar og mikrosprøyter
16 bilete vart plukka ut som årets vinnarbilete i fotokonkurransen som foreiner vitskap, teknikk og estetikk.
Blant dei andre vinnarbileta finn vi ein sniktitt på ein hjarteoperasjon der kirurgar lappar saman eit hjarte med ein hudlapp frå ein okse.
Elektronmikroskopibilete dominerer blant vinnarbileta, og viser fram ørsmå strukturar som kaffeinkrystallar, mikrosprøyter for injisering av vaksinar og bladet på ein lavendelplante.
Bileta bekreftar at naturen framleis er ein kunstnar i toppklasse.
Kirurgar lappar saman eit hjarte med hjelp av hudlapp frå okse.
Foto: Wellcome Images