NRK Meny
Normal

Unik marsmeteoritt var 4,4 milliardar år gammal

Forskarane håpar steinen vil innehalde fleire leietrådar til Mars si tidlege historie.

Marsmeteoritt NWA 7533

Professor Munir Humayun viser fram den eldste meteoritten som er funne til no.

Foto: University of Florida/ montasje NRK

Amerikanske forskarar har gjort dateringar av marsmeteoritten NWA 7533 som viser at han vart danna for heile 4,4 milliardar år sidan, noko som gjer han til den eldste kjente meteoritten frå Mars.

–Denne datoen er om lag 100 millionar år etter at det første støvet kondenserte i solsystemet, seier professor Munir Humayun ved Florida University. Humayun er ein av forskarane bak studien som vil bli publisert i Nature.

–No veit vi at Mars hadde ei jordskorpe innan dei første 100 millionar år av planetformasjon, og at Mars-skorpa blei danna parallelt med dei eldste skorpene på jorda og på månen, seier han.

–Har ikkje hatt bevis for før

Marsmeteoritt NWA 7533

Marsmeteoritt NWA 7533.

Foto: Luc Labenne

–4,4 milliardar år er den eldste alderen vi har på ein marsmeteoritt, og dette stadfestar at skorpedanning på Mars skjedde samtidig som på jorda og månen. Dette har vi ikkje hatt bevis for før, seier geolog Rune Selbekk ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

På bakgrunn av mineralsamansetninga i meteoritten meiner forskarane også å kunne stadfeste opphavet til meteoritten til høglandet i det sørlege Mars.

Dette er interessant fordi det betyr at meteoritten er den første frå eit type terreng som dekker nesten halve marsoverflata, og som inneheld leietrådar til danninga av Mars si «jordskorpe» og den tidlege kraterdekte barndommen til Mars, fortel Humayun på e-post til NRK.no.

–Sjølv om vi har hundre meteorittar frå Mars, er alle unntatt ein, ALH 840001, yngre vulkanske steinar, sjølv om ungt vulkansk terreng høyrer til unntaka på Mars-overflata, seier han.

Mens NASA-rovaren Curiosity no er i gang med å studere samansetninga av mineral i moderne Mars-jord, gir denne meteoritten forskarane moglegheit til å studere eldgammal jord i laboratoriet.

Indikasjon på våt Mars-fortid

Studien viser at meteoritten manglar vassløyselege grunnstoff som svovel, klor og sink som ein ser i moderne marsjord. Dette kan vere ein indikasjon på at marsoverflata var ein våtare stad for 4,4 milliardar år sidan.

Mens desse stoffa ville vore« bunde opp» i vatnet på Mars i tidlegare tider, vart stoffa overført til jordskorpa etter som vatnet tørka inn.

Forskarane tar eit atterhald om at meteoritten har vore utsett for vêr og vind i Sahara-ørkenen, og at desse stoffa kan ha blitt mista etter at han landa på jorda, men dette blir sett som lite sannsynleg.

–Smelteskorpa og herdinga av steinen gjer det vanskeleg å tenke seg at alle saltar har blitt fjerna frå meteoritten, seier Humayum.

«Black beauty »

Det finst også ein annan meteoritt som mest sannsyleg stammar frå same nedfall som NWA 7533, dette er meteoritten NWA 7034, med tilnamnet «Black beauty».

Teamet som analyserte denne meteoritten rapporterte tidlegare i år om ein geologisk alder på om lag 2 milliardar år, altså under halvparten av alderen til "søster-meteoritten".

Forklaringa ligg i metodane som er brukt for å datere dei to meteorittane. Mens Black beauty sin alder vart fastsett på bakgrunn av rubidium-strontium-datering har Humayun og kollegaer utført uran-bly-datering.

–Ulempen med rubidium-strontium-systemet er at det lett kan resettast, slik at ein får ein yngre alder enn den opphavlege danningsalderen. Uran-bly-dateringar er mykje meir stabile, og blir derfor føretrekt av dei fleste geologar, forklarar Rune Selbekk.

– Gitt den unike samansetninga er det usannsynleg at desse to meteorittane er ulike, seier Humayun.

Toppen av isfjellet

Humayun trur at det som er komme fram til no berre utgjer toppen av isfjellet av det som gjenstår å oppdage.

–Denne steinen vil innehalde fleire leietrådar til Mars sin tidlege historie, som kva planeten har opplevd av asteroidekollisjonar, moglege hydrotermale endringar i Mars-skorpa, og kanskje også spor etter ein tidleg biosfære, seier Humayun.