Mars-stein er heilt ny meteoritttype

Gir eit unikt innblikk 2 milliardar år tilbake i Mars-historia.

Marsmeteoritt frå Marokko

Marsmeteoritten med tilnamnet Black Beauty som fall ned over Marokko i 2011 viser seg å vere ein heilt ny og ukjend type Marsmeteoritt.

Foto: University of New Mexico

Analysar av meteoritten (NWA) 7034 som vart funne i marokkansk Sahara i 2011 viser at steinen er ein ny og unik type Marsmeteoritt, skriv BBC.

Den 320 gram tunge meteoritten med kallenamnet «Black Beauty» vart funne same år som ein annan Marsmeteoritt, Tissint, fall ned i det same området.

Black Beauty har no blitt studert av eit team av meteorittforskarar ved University of New Mexico i samarbeid med blant anna University of California San Diego.

Studiane av meteoritten viser at han sannsynlegvis er danna på Mars for 2,1 milliardar år sidan, noko som gjer han til den nest eldste kjente Marsmeteoritten av vulkansk opphav.

Har vore i kontakt med vatn

Forskarane har også funne at steinen inneheld meir vatn enn det som er kjent frå andre marsmeteorittar, noko som tyder på at steinen har vore i kontakt med overflatevatn eller grunnvatn i løpet av sin geologiske historie.

– Meteoritten er ulik noko anna eg har sett tidlegare, seier professor Carl Agee i ei pressemelding. Agee har leia undersøkingane av steinen.

– Dette er ein heilt ny type Marsmeteoritt. Samansetninga av steinen inneheld alt du kan ønskje deg for å forstå den raude planeten. Denne unike Marsmeteoritten fortel oss Mars sin vulkanske historie for 2 milliardar år sidan, og gir oss også eit glimt av klima og overflateforhold på Mars som ingen andre meteorittar har kunne gi, seier han.

– Dei fleste meteorittar har det vi kallar tørr mineralogi, så når ein finn meteorittar som inneheld vatn er det ganske uvanleg, fortel meteorittekspert Rune S. Selbekk ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Marsmeteoritten "Black beauty"

Steinen som er danna på Mars for 2,1 milliardar år sidan er den nest eldste Marsmeteoritten som er funne.

Foto: Carl Agee / NTB Scanpix

– Som å finne ein snøball i helvete

Marsmeteorittar er svært sjeldne, og det er berre funne om lag 100 som finst i museumssamlingar verda over. To av dei finst i samlinga ved Naturhistorisk museum i Oslo.

– Det er ein snøball i helvete-sjanse for å finne ein meteoritt frå Mars, seier Rune Selbekk

Han forklarer at for at ein steinbit frå Mars skal ha funne vegen til jorda er det ei heil rekke av hendingar som må ha skjedd, og som samla sett er svært usannsynlege.

– Ein meteoritt har treft Mars, og har hatt så stor kraft at han har klart å slynge bitar frå Mars ut av planetens gravitasjonsfelt. Det i seg sjølv er ganske liten sannsynlegheit for, fortel Selbekk.

Etter at meteoritten så har reist gjennom solsystemet i millionar av år, må steinbiten treffe jorda utan å brenne opp når han kjem inn i atmosfæren, og aller sist må han falle ned på ein stad der han kan bli funne av menneske.

Kan gi svar på Mars-forvandling

I dag er planeten Mars tørr og gold. Men ting kan tyde på at forholda på planeten ikkje alltid har vore slik.

Mange trur at Mars tidlegare var mykje varmare og mykje våtare, og kanskje til og med kan ha husa livsformer. Dette er noko av det Marsroveren Curiosity skal undersøke i løpet av sitt oppdrag på Mars.

– Når skjedde denne forvandlinga til tørre tilhøve? Vel, kanskje kan denne meteoritten på grunn av sin høge alder svare på slike spørsmål, seier professor Agee til BBC.

[Artikkelen er retta 9. januar. Meteoritten (NWA) 7034 vart funne i 2011, men når han falt ned er usikkert. ]