NRK Meny
Normal

Vi må lytte etter kunstig intelligens

Korleis skal vi leite etter signal frå romvesen som kan ha utvikla kunstig intelligens?



Very Large Array
Foto: Hajor

– Pulsarar og svarte hol i midten av galaksar er gode kandidatar, meiner ekspert.

Pulsarar er er hurtigroterande nøytronstjerner som sender ut ein stråle av radiobølgjer frå kvar av to dei magnetiske polane.

Det er no 50 år sidan vi først starta å lytte ut i rommet etter beskjedar frå utanomjordiske vesen. Bortsett frå ein og anna falsk alarm , har vi ikkje plukka opp ei einaste melding frå livsformer på andre planetar.

No meiner Seti -forskar Seth Shostak at vi må leite etter romvesen som har utvikla kunstig intelligens. Dette vil innebere at vi må rette søket vårt i andre retningar, seier han til BBC .

–Problemet er at vi brukar oss sjølv som målestokk, seier kosmolog Håkon Dahle ved UiO til NRK.

–Kanskje vi ikkje har fantasi nok til å forestille oss hva andre sivilisasjonar kan finne på.

Til no har leitinga vår i hovudsak gått ut på å skanne himmelen for radiobølgjer.

Fordi vi sjølv sender ut radiobølgjer gjennom våre radio- og TV-sendingar, har vi gått ut frå at romvesen også vil sende ut meldingar ved hjelp av radiobølgjer. Men kva om romvesen har utvikla kunstig intelligens, tenkande maskiner med ein heilt anna "biologi" og teknologi enn oss sjølve?

Svart hull
Foto: Illustration: NASA/CXC/M.Weiss

Kan bruke pulsarar og svarte hol

Dersom nokre romvesen har utvikla tenkande maskiner vil desse kanskje kunne nytte energirike objekt i universet til å sende ut meldingar til andre sivilisasjonar.

–Pulsarar og svarte hol i midten av galaksar er gode kandidatar, fortel Håkon Dahle til NRK.

Dette er objekt som sender ut energi som når heilt ut til universets yttergrenser.

Det kunne vere mogleg for intelligente livsformer å endre utstrålinga frå slike energikjelder, til dømes ved å legge eit filter mellom objektet og oss. Endringar i utstrålinga ville då kunne danne grunnlag for meldingar som vart sendt ut til andre sivlisasjonar.