Hopp til innhold

Mikroelektronikk gir oss lysande tatoveringar

Lysande operasjonssting, og tatoveringar som lyser av seg sjølv blir mogleg med nye ultratynne lysande mikromateriala utvikla av amerikanske forskarar.

Dette LED-nettverket kan vris 720 grader

Tøyelege diodenettverk som kan festast til tynne materiale kan få stor nytte innanfor medisin, og kan også gi oss sjølvlysande tatoveringar. Dette diodenettverket kan tvinnast i 720 grader.

Foto: University of Illinois

Forskarar ved University of Illinois i USA har klart å lage ordna nettverk av bitte små lysdiodar (såkalla LED) som kan trykkast på ei mengde bøyelege underlag.

Underlaget kan vere alt frå gummistrikk til ballongar til papirark og tape og kirurgiske hanskar.

Diodegitteret er svært tøyeleg, og kan strekkast, brettast og vris i alle retningar saman med underlaget utan å bli øydelagt.

Diodenettverket blir først trykt i fleire lag på ei glasplate, før det blir overført til ønska materiale.

Heile laget er berre 8,7 mikrometer tjukt, slik at det går 5 slike lag på breidda av eit hårstrå.

Forskarane føreslår fleire bruksområde for det ultratynne diodenettverket i artikkelen i Nature Materials.

–Vi meiner dei mest interessante bruksområda er i system som integrerer med den menneskelege kroppen, enten som biomedisinske hjelpemiddel, monitorar eller avanserte kirurigske verktøy, seier John A. Rogers til NRK.no.

Blant anna kan slike lysande diodelag implanterast under huda som lysande tatoveringar.

Forskarane ser riktignok for seg ein meir seriøs bruk av tatoveringen, der den fungerer som ein slags avansert monitor, der lyset som blir sendt ut kjem frå innsida av kroppen.

Kirurgiske hanskar

Latekshanskar med innebygde LED-nettverk er eit anna av bruksområda som er demonstrert av Rogers si forskingsgruppe.

Diodane sender ut lys, og sensorar registrerer tilbakestråling frå omgivnadene. Dette gir informasjon om objekt i nærleiken som kan vere svært interessant under ein operasjon.

Forskarar over heile verda arbeider med utvikling av slik type mikroelektronikk, der ein trykker svært tynne elektrisk leiande nettverk på fleksible underlag.

–Det verkeleg nye her, er at ein har klart å produsere tynne, fleksible filmar med LED- og fotodetektor-nettverk, seier forskar Liv Furuberg ved avdeling for Mikrosystemer og nanoteknologi ved Sintef.

–Til no har dette berre vore mogleg å få til på stive underlag, seier Furuberg.

Minus

Eit minus ved denne nye teknologien, er at den førebels er avhengig av ei ekstern straumkjelde.

Ved alle demonstrasjonane som er gjort av forskingsgruppa stikk det ledningar ut av innretningen, og eit batteri leverer straumen som trengst for å drive den.

For dei som ønsker seg lysande tatoveringar, må ein altså vente til straumkjelda kan integrerast i kroppen.