Livreddande krefttest fyller 70 år

Testen som gav 60 prosent reduksjon i livmorhalskreft i USA, starta som eit forskingsprosjekt på marsvinets menstruasjonssyklus.

Gynekologisk spekulum

Ei enkel underlivsundersøking kan avsløre spiren til kreft i livmorhalsen. Det vart oppdaga for 70 år sidan.

Foto: praisaeng / Colourbox

Med utgiving av boka Diagnosis of Uterine Cancer by Vaginal Smear i 1943 vann celleprøven fram som ein enkel test for å påvise forstadium til kreft i livmorhalsen.

Krefttypen råkar årleg ein halv million kvinner i verda, mange av dei er unge kvinner i utviklingsland.

–Bruken av testen har redusert førekomsten av livmorhalskreft betydeleg i den vestlege verda, seier overlege, dr.med. Rita Steen ved Radiumhospitalet, Oslo universitetssykehus til NRK.no.

Steen fortel at testen er like viktig som då han kom, sjølv om han i dag kan bli brukt på andre måtar, saman med testar for HPV-virus.

Likevel var det ein langdryg fødsel for suksesstesten, som vart funne opp av ein gresk innvandrar til USA.

Celler avslørte syklus

George N. Papanicolaou med kona Mary

Dr. Pap, George N. Papanicolaou, med kona Mary.

Foto: Ukjent fotograf / NTB Scanpix

Grekaren George Papanicolaou hadde studert medisin og cellebiologi i Europa, men måtte først ta til takke med ein jobb som teppeseljar då han kom til USA i 1913.

Då han klarte å sikre seg ein forskarjobb ved Cornell University, gjekk arbeidet hans ut på å kartlegge menstruasjonssyklusen hos marsvin.

Utstyrt med nasespekulum og q-tips hausta Dr. Pap, som han vart kalla, celler frå livmorhalsen til marsvin. Studien viste at cellene i livmorhalsen endra form og storleik i takt med hormonendringar i menstruasjonssyklusen.

Dette gjorde det mogleg å rekne seg fram til nøyaktig kvar i syklusen ei marsvinhoe var.

Dr. Pap gjekk deretter vidare til å bruke metoden på menneske. Kona hans, Mary, lét seg blant anna utsette for daglege celleskrapingar. Som med marsvin viste det seg at celler frå livmorhalsen kunne gi nøyaktig informasjon om kvar i menstruasjonssyklusen ei kvinne var.

Unyttig oppfinning

Men som enkelte gynekologar påpeikte, var dette ein ganske unyttig oppfinning. Kvinner hadde trass alt klart å berekne menstruasjonssyklusen sin utan Papanicolaous si hjelp i mange hundre år.

Oppdaginga av unormale celler i livmorhalsen til ei kvinne med kreft, sette Papanicolaou på tanken om eit anna bruksområde for metoden. Kva om celleprøven i staden kunne nyttast til å oppdage sjukelege tilstandar?

Celleforskaren gjekk i gang med å samle inn prøvar frå kvinner med alle moglege gynekologiske sjukdommar, som infeksjonar, unormale svangerskap og kreft, i håp om å finne eit kjenneteikn.

Avvikande og bisarre former

Studiane viste at livmorhalskreft var særs tilbøyeleg til å visast igjen i celleprøvane.

Hos nesten alle kvinnene med livmorhalskreft fann Papanicolaou avvikande og bisarre celleformer som ikkje likna noko på normale celler.

Resultata vart publisert i ein vitskapleg artikkel med tittelen New Cancer Diagnosis i 1928, men førte ikkje til noko vidare stor interesse. At metoden først vart presentert på ein litt underleg konferanse for rasehygiene kan ha medverka til skepsis hos fagkollegaer.

Unormale celler i celleprøve frå livmorhalsen

Celleprøve frå livmorhalsen med unormale celler som kan utvikle seg til kreft. Blant anna ser ein her celler med to kjernar (nedst til venstre).

Foto: Wikimedia commons

60 prosent færre fekk kreft

Men Papanicolaou gav seg ikkje, og gjekk tilbake til laboratoriet for å arbeide vidare.

I 1943 publiserer han ei vidareføring av arbeidet i boka Diagnosis of Uterine Cancer by Vaginal Smear saman med gynekologen Herbert F. Traut.

I boka skildrar Papanicolaou og Traut blant anna celler i 179 tilfelle av livmorkreft. Boka er rekna som medverkande til at «Pap-testen», fekk allmenn aksept som ein klinisk metode for å oppdage kreft.

Aller viktigast var at studiar viste at testen også kunne fange opp forstadium til kreft som var lette å fjerne med enkle inngrep slik at kreft ikkje vart utvikla.

Mens livmorhalskreft var ein viktig årsak til død hos unge kvinner i USA i 1940-åra, førte introduksjonen av Pap-testen til at førekomst og dødelegheit av livmorhalskreft falt med meir enn 60 prosent i USA mellom 1952 og 1992.

I Noreg vart screening med Pap-testen innført først i 1995. I dag er det 35 prosent færre norske kvinner som får livmorhalskreft enn før screeningprogrammet vart oppretta.