Forskingsskipet G. O. Sars. Foto: NRK.
Det er omlag tusen nautiske mil til land - på alle kantar. Vi er midt i Atlanterhavet mellom Island og Azorene, og over det som er verdas største fjellkjede. Under oss ruvar nemleg den Midatlantiske rygg, eit alpelandskap på fleire tusen meters djup og tilsvarande fjelltoppar. Her glir kontinenta våre frå kvarandre, her møtest kalde nord og varme sør i havstraumar, og her er truleg fisk og dyr vi aldri før har sett. Dette er like ukjent som Mars.
Ombord er omlag 30 forskarar frå 13 land. Det som vert rekna som verdas mest avanserte forskingsskip, norske G.O Sars, er på tokt for å finne ut meir om livet og økosystemet langs den enorme fjellkjeden i djupet. Prosjektet vert kalla MAR-ECO, og i trålen kjem særeigne fiskar som kan verte livgivande for oss menneske...
Laus-kjeft
Lauskjeften er lang og smal med store rovfisktenner. Foto: Norfanz
Den kolsvarte Malacosteus niger har alt anna enn eit lysande, hyggeleg åsyn. Den er ein typisk representant for djuphavsfisk med sine kraftige rovtenner og lange, smale kropp for å spare energi i djupet. Mange av djupahavsfiskane sender òg ut lys for å lokke til seg byttet, men Malacosteus niger, eller loosejaw som den og vert kalla, er heilt særeigen. Under auget sit nemleg eit heilt særeige organ: ein tomatraud flekk som sender ut lys. Malacosteus niger er ein av svært få fiskar, og for den sak skuld dyr, som sender ut raudt lys!
Infraraudt lys
Eit anna døme på djuphavsfisk frå Atlanteren, såkalla fang tooth. Foto: Mar-eco
Den som har dykka i raud badedrakt veit at raudt er ein av dei fargane som ber dårlegast etterkvart som ein kjem ned i djupet. Ein skal ikkje så mange meter under sjøflata før den raude drakta ser grå ut, og misser fargen. Årsaka er at bølgjelengdene i raudt ikkje ber særleg langt og vert raskt absorbert i sjøvatnet. Difor kan ein undre seg over kvifor ein fisk som Malacosteus niger skal sende ut raudt lys, ja, nesten infraraudt lys, i djupet. For få andre fiskar og krepsdyr har evne til å sjå lyset, så slik sett fungerer det dårleg som listig agn for å lokke nysgjerrige bytte til seg. Men her ligg og løyndomen. For Malacosteus niger har sjølv eit særeige pigment i auget som gjer at den sjølv ser det raude lyset - og på den måten kan den " med lyset på" snike seg omtrent usett inn på byttet som ikkje vil ane at det er i søkelyset.
Livgivande pigment
Tracey Sutton i aksjon ombord på G.O. Sars. Foto: Mar-eco.
Amerikanske forskarar viser no stor interesse for den svarte djuphavsfisken med det sjeldne lyset. Den raude flekken som produserer lyset innheld nemleg eit protein med eigenskapar som truleg kan nyttast til å påvise kreft. Marinbiolog Tracey Sutton ved Harbor Branch Oceanographic Institution i Florida, fortel at tanken er at proteinet kan sprøytast inn i kroppen til pasienten, og at det raude proteinet, eller pigmentet, vil feste seg til ein eventuell kreftsvulst. Ved hjelp av laserlys kan ein så finne svulsten og bruke den same laseren til å behandle kreften på staden - utan omfattande operasjonar. I ulike medisinske miljø er det no nærast er eit kappløp for å prøve å framstille pigmentet syntetisk, for sjølve fisken finst i så små, verneverdige mengder og er så vanskeleg tilgjengeleg, at det på ingen måte er aktuelt å hente stoffet frå djuphavet. Endå står ein del arbeid att før forskarane har klart dette, men brystkreft er truleg ei av kreftformene det raude djuphavspigmentet først vert prøvd ut på, seier Sutton.