NRK Meny
Normal

Samsung kjem med større Galaxy Tab

Neste versjon av Galaxy Tab blir 10,1 tommar, ørlite grann større enn Ipad. Det vil bli vanskeleg å rokke ved Ipads hegemoni, seier norsk it-ekspert.

Galaxy Tab 10.1

Fire månader etter at Samsung lanserte sitt første surfebrett på sju tommar, kjem den sørkoreanske elektronikkprodusenten med Galaxy Tab 10.1 som 10 tommar.

Foto: Samsung

På ei mobilmesse i Barcelona søndag slapp den sørkoreanske elektronikkgiganten Samsung nyheita om at dei vil lansere eit nettbrett på 10,1 tommar i juni i år.

Galaxy Tab 10.1 vil bli namnet på det nye nettbrettet til Samsung.

Med dette vil det vere lite som skil Galaxy Tab frå Ipad (9,56 tommar) når det gjeld storleik.

Galaxy Tab 10.1 veg 599 gram, og er berre 10,9 millimeter tjukk. Nettbrettet, som er det største nettbrettet som Samsung tilbyr, vil få operativsystemet Android 3.0 (Honeycomb) som er spesielt utvikla for nettbrett.

Den nye versjonen av Galaxy Tab blir presentert berre fire månader etter at Samsung lanserte sin førre Galaxy Tab på sju tommar i oktober 2010.

– Det vil bli vanskeleg å rokke ved Apple sitt hegemoni, seier redaktør i It-avisen, Tore Neset til NRK.no. Apple har eit godt grep om marknaden.

Ein av fordelane til Ipad er at det kan tilby eit heilt univers med app’ar gjennom Apple App Store. Galaxy Tab kan tilby liknande app’ar gjennom Google-varianten Android marketplace, men Neset synest Android marketplace er litt vanskelegare å navigere på. Han trur heller ikkje nordmenn vil finne så mykje av interesse å laste ned her.

– Førebels er også nettbrett eit luksusprodukt med avgrensa interesse for den menige mann og kvinne i Noreg, seier Neset.

Neset minner om at medan det nesten finst ein pc for kvar husstand i landet, så finst det berre om lag 200 000 nettbrett.

Windownettbrett

Neset trur at Apple først vil blir trua når windowsnettbretta kjem.

– Nettbrett som baserer seg på windows som operativsystem har den fordelen at progamma oppfører seg slik vi er vande med frå pc, seier Neset, som også meiner at prisen på windownettbrett kan komme til å bli ganske låg.

Dell er blant selskapa som seier dei vil komme med ein windowsvariant av eit nettbrett, og Neset meiner denne kan utgjere ein farlegare konkurrent til Ipad enn det Galaxy Tab 10.1 kan gjere.

Uansett om Galaxy Tab 10.1 utgjer ein farleg konkurrent til Ipad eller ei, førte i alle fall nyheita om Samsung sitt nye nettbrett til at aksjane til elektronikkselskapet steig kraftig.

Smartmobil med talegjenkjenning

Galaxy S II

Galaxy S II, Samsung sin siste smartmobil, kan blant anna omsetje tale til eit anna språk.

Foto: Samsung

På mobiltelefonmessa i Barcelona lanserte Samsung også sin siste smartmobil Galaxy S II, og presenterte denne som ”verdas slankaste smartmobil”. Mobilen er berre 8,49 millimeter tjukk.

Galaxy S II er utstyrt med talegjenkjenning, som gir brukarane moglegheit til å nytte telefonen til å diktere tekstnotat.

Mobilen inneheld også nærfeltsteknologi som gjer det mogleg å nytte mobilen som betalingsmiddel ved å halde mobilen inntil ein mottakar. til dømes på offentleg transport.