Hopp til innhold

Lagar diesel frå luft og vatn

Audi har produsert miljøvenleg diesel frå luft og vatn. – Fullt mogleg dersom ein har veldig billig straum, seier norsk ekspert.

Syntetisk diesel laga av vatn og CO2

Audis syntetiske diesel er laga frå vatn og karbondioksid.

Foto: R. Deutscher, Sunfire

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Jesus laga som kjent vin frå vatn. Denne månaden har bilfabrikanten Audi og Sunfire lukkast med å lage miljøvenleg diesel frå karbondioksid i lufta, vatn og miljøvenleg energi.

Dette er likevel langt ifrå eit mirakel, men ein prosess som kan gjennomførast med hjelp av elektrisitet og kjemi.

– Dette er teknisk mogleg, og økonomisk mogleg dersom ein har veldig billig straum, seier seniorrådgivar Bernd Wittgens i Sintef til NRK. Wittgens arbeider med produksjon av drivstoff frå biomasse og utsleppsreduksjon i prosessindustrien.

– Motoren går stillare

E-diesel

Slik lagar Audi sin syntetiske diesel.

Foto: Audi

Prosessen går kort forklart ut på å bruke fornybare straumkjelder til å spalte vatn til hydrogengass (H2) og oksygengass (O2) ved hjelp av elektrolyse. Deretter reagerer Sunfire hydrogengassen med karbondioksid (CO2) i to kjemiske reaksjonar.

CO2 som blir nytta i produksjonen kjem frå forbrenning av biomasse samt karbondioksid som er filtrert frå luft.

Sluttproduktet er ei blanding av langkjeda hydrokarbon, som deretter blir raffinert til ein syntetisk diesel.

Dei første litrane av det miljøvenlege dieselet er alt produsert i ein pilotfabrikk i Dresden i Tyskland, og Audi og Sunfire hevdar at dei oppnår ein effektivitet på opptil 70 prosent i omdanninga frå energi til drivstoff.

Dei hevdar også at deira miljøvenlege diesel er betre for både klima og miljø då det ikkje er laga av fossile karbonsambindingar, samt er fritt for svovelsambindingar.

– Motoren går stillare og det blir produsert færre forureinande stoff, seier administrerande direktør Christian von Olshausen i Sunfire til Gizmag.

Drivstoffet skal også kunne nyttast i kombinasjon med vanleg diesel, slik ein kan gjere med biodiesel i dag.

– Kan utnytte dagens infrastruktur

– Fordelen med denne teknologien er at du kan utnytte dagens infrastruktur med bensinstasjonar, og dagens motorkonsept med forbrenningsmotorar, seier Wittgens.

Mens lett transport vil kunne bruke ein kombinasjon av straum og brenselceller, trur han at hydrokarbon vil dominere for tungtrafikk og fly i ei god stund framover.

Produksjonskostnadene for den syntetiske dieselen vil vere avhengig av prisen til fornybar straum for å spalte vatn og kostnadene ved innfanginga av karbondioksid.

Her har Wittgens meir tru på å hente CO2 frå eit biogassanlegg, enn Sunfire sitt forslag om å hente CO2 frå atmosfæren:

– Viss vi seier at det er dyrt å fange CO2 i industrielle prosessar, så blir det endå dyrare å hente det frå lufta i omgivnadene, seier Wittgens.