NRK Meny
Normal

No kan du lage di eiga usynlegheitskappe

Alle har me vel ynskt å bli usynlege innimellom. No har amerikanske forskarar funne opp ei "usynlegheitskappe" som både er betre, billigare og enklare enn tidlegare slike oppfinningar – så enkel og billig at du kan lage den sjølv.

Har du òg drøymt om ei usynlegheitskappe som den Harry Potter snik seg rundt i? Forskarar har lenge prøvd å lage slike «kapper» og liknande instrument som kan gjere ting usynlege. Dei har brukt både radar, elektromagnetisme, stråling og lyd for å få det til, men ingen av desse instrumenta har vore heilt som kappa til Potter.

usynlighetskappe

LINSELYS: Rett type, styrke og avstand på fire linser gjer denne handa usynleg.

Foto: J. Adam Fenster / University of Rochester

No har amerikanske fysikarar klart å byggje ei innretning som både gjer ting meir «usynlege», og er laga av enklare og billigare materialar enn mange tidlegare slike oppfinningar.

Ved hjelp av heilt vanlege linser har fysikarane John Howell og Joseph Choi ved Universitetet i Rochester, USA, klart å gjere objekt optisk usynlege. Det skriv universitetet på nettsida si.

LES OGSÅ: Nærmer seg «usynlighetskappe»

Å sjå det som ligg bak

Utfordringa er å få eit objekt til å bli usynleg samstundes som bakgrunnen er synleg frå fleire ulike vinklar. Det klarar innretninga til Howell og Choi.

Den er sett saman av fire linser. Linsene er av ein spesiell type og har ein viss styrke. Dei har òg ein svært bestemt avstand mellom seg som fysikarane har rekna seg fram til.

For å teste innretninga, stilte forskarane opp objektet dei ville gjere usynleg mot ein rutemønstra bakgrunn. Då dei såg tvers gjennom linsene, var ikkje objeket synleg. Så flytta dei seg frå side til side for å sjå om dette fungerte frå fleire synsvinklar.

Det dei såg av bakgrunnen gjennom linsene, flytta seg saman med blikket deira og stemte samstundes overeins med resten av bakgrunnen – akkurat som om objektet ikkje var der.

Korleis er så dette mogeleg?

(artikkelen held fram under videoen)

Bøy og tøy

Hemmelegheita ligg i typen, styrken og avstanden til linsene, og korleis denne kombinasjonen får lyset til å oppføre seg.

For å få eit objekt til å bli usynleg, må ein nemleg få lyset til å gå utanom objektet. Det gjer innretninga til Howell og Choi.

Problemet med denne innretninga er at den sender lyset gjennom midten av seg. Det vil seie at dersom objektet står slik at det blokkerer midten av innretninga, vil det ikkje bli usynleg. Det er berre området rundt midten, som ein smultring rundt eit hol, som kan gjere objektet usynleg. Dette er noko Howell og Choi vil jobbe vidare med for å løyse.

Fordelen med innretninga deira er at den fungerer på alle frekvensar av synleg lys, og at det berre er storleiken på linsene som set ein stoppar for kor stor ein kan lage den.

Slik lagar du ei usynlegheitskappe

Usynlighetsformel

FIRE ENKLE STEG: Her er formelen som viser korleis du kan lage di eiga usynlegheitskappe.

Foto: University of Rochester

Innretninga kan virke som noko ein lagar berre på moro, men Howell og Choi ser for seg at lastebilsjåførar kan bruke den for å sjå forbi blindsona på bilen når dei køyrer.

Ei anna yrkesgruppe som kan bruke den er kirurgar. Ved hjelp av «usynlegheitskappa» at dei kan sjå gjennom handa si når dei opererer og rett på det dei held på med.

Og kanskje treng du ei usynlegheitskappe i jobben din du òg?

Oppskrifta på korleis du lagar den finn du nedst på nettsida til Universitetet i Rochester.