Hopp til innhold

Mann med kameraauge lagar kyborgdokumentar

Kyborg og filmmakar Rob "Eyeborg" Spence har ei kameraprotese i augehola. No har han laga dokumentar om kyborgar.

Eyeborg

Eit kamera passa inn i augeprotese gjer filmmakar Rob Spence til ein kyborg.

Foto: Eyeborg

Den kanadiske filmmakaren Rob Spence mangla eit auge. Kompisen Kosta Grammatis var ingeniør og arbeidslaus. Saman starta dei The Eyeborg Project som gjekk ut på å gi Rob ei kameraprotese i den tomme augehola.

Kameraauget består av eit videokamera og ein sendar som er tilpassa til ei augeprotese.

Teknisk sett gjer kameraprotesen Rob til ein kyborg, ein blanding av ei maskin og eit menneske (sjå faktaboks).

No har Spence laga dokumentar om kyborgar. I filmen oppsøker Eyeborg nokre av den verkelege verdas mest avanserte kyborgar for å finne ut kor langt vi er frå kyborgane i videospel og filmar.

Du kan sjå dokumentaren nedst i denne artikkelen.

Synsimplantat

Eyeborg

Her er elektronikken i kamera-auget: Chip med kamera, batteri og sender.

Foto: Eyeborg

Dokumentaren er laga som ei feiring av videospelet Deus Ex: Human Revolution. Hovudpersonen i spelet er kyborgen Adam Jensen som også har eit bionisk auge - i tillegg til ein del andre fiffige innretningar.

Det var nettopp kombinasjonen som kyborg og filmmakar som gjorde at videospelselskapet Square Enix ville ha Spence til å lage dokumentaren Deus Ex: The Eyeborg Documentary.

Filmskaparen frå Toronto mista synet på det eine auget då han var utsett for eit skyteuhell som 13-åring. Som vaksen opererte han bort auget og erstatta det med ei protese.

I dokumentaren The Eyeborg Documentary møter Rob Spence verkelege menneske som har fått erstatta ulike kroppsdelar med proteser.

Ein av dei Spence møter er finske Miika Terho. Terho er blind, men fekk operert inn eit implantat direkte på netthinna då han var med i eit forsøksprosjekt i 2008.

Det 3x3 millimeter store implantatet vart plassert like under netthinna hos Terho og var kopla til synsnerven hans. Implantatet gjorde han i stand til å kjenne igjen formen på enkle gjenstander som til dømes ein banan.

Spence møter også menneske som har fått erstatta tapte kroppsdelar med biomekaniske armar eller bein.

No filmar eg din bioniske arm med mitt bioniske auge.

Rob Spence, filmmakar med kamera-auge

Hjerne-maskin

– Vil biomekanikken til videospelhelten Adam Jensen vere mogleg i år 2027, spør Rob Spence i dokumentaren.

– Absolutt, vi vil komme dit. Men den store utfordringa er samspelet mellom hjerne og maskin. Kvar hjerne er unik, og det er dine erfaringar som bestemmer korleis han utviklar seg, svarar Joseph Junke, som er leiar i teknologifirmaet Tanagram partners.

Enno er det altså eit godt stykkje fram til at kropp og maskin kan smelte saman til eitt.

Og det er eigentleg litt godt å vite for alle oss som har den lite trivelige kyborgen Terminator friskt i minne.

Sjå heile dokumentaren Deus Ex: The Eyeborg Documentary her (Merk at filmen varer 12 minutt):