Hopp til innhold

Kval hermar etter menneskelydar

Ein kvitkval i fangenskap overraska forskarane med lydar som minna om menneskeleg tale. – Interessant å sjå kva slike skapningar er i stand til å lære, seier norsk marinbiolog.

Kvitkval

For første gong har forskarar dokumentert at kvalar kan lære å herme etter menneskestemmer. Her ein kvitkval i Kamogawa Sea World i Japan.

Foto: Itsuo Inouye / NTB/Scanpix

Biologar ved National Marine Mammal Foundation i San Diego i USA har gjort opptak av ein kvitkval som tyder på at kvalar, eller i alle fall denne kvalen, kan herme etter stemmen til menneske.

Resulta er publisert i Current Biology.

Høyr kvalens menneskeliknande "snakking" her:

Merkelege lydar

Denne pussige kvalhistoria starta allereie i 1984. Forskar Sam Ridgway og hans kollegaer ved National Marine Mammal Foundation i San Diego i USA la merke til nokre merkelege lydar ved bassenget til kvalane og delfinane.

Dei skildra lydane som to menneske som snakka saman i det fjerne, men for langt unna til at det gjekk an å skjelne orda i samtalen.

Dei menneskeliknande lydane vart etter kvart spora til ein 9 år gammal kvitkval-hann som gjekk under namnet NOC. Kvalen hadde levd lenge saman med delfinar og andre kvitkvalar, og hadde ofte vore saman med menneske.

Ridgway og kollegaene hans ville ha bevis for at kvalen verkeleg hadde lært seg å herme etter menneskeleg stemmer. Dei tok opp lydar både over og under vatn samt at dei også registrerte trykket inne i kvalens nase for å undersøke korleis han produserte desse lydane.

– Lydane vi høyrde var heilt klart eksempel på vokal læring hos kvitkvalen, seier Sam Ridgeway.

Opptaka viste at rytmer i kvalens ytringar minna tydeleg om menneskeleg tale, samtidig som frekvensane på lydane låg fleire oktavar lågare enn typiske kvallydar.

– Ikkje lett å få til

Stemmeherminga har ikkje vore lett å få til, fortel forskarane i ei pressemelding.

Kvalar produserer lyd i nasen, og ikkje i strupen slik vi menneske gjer. For å lage dei menneskeliknande lydane måtte kvitkvalen derfor variere trykket i nasen samtidig som han gjorde tilpassingar av musklar og blåste opp nokre spesielle luftsekkar i nærleiken av blåseholet.

Dei to andre kvalane som levde saman med NOC lagde aldri liknande lydar, og forskarane registrerte heller aldri at kvitkvalhannen lagde dei menneskeliknande lydane når han kommuniserte med andre kvalar. Då høyrdest han ut som andre kvitkvalar.

– Blir kalla havets kanarifugl

Hvithval

Kvitkvalen blir kalla for havets kanarifugl på grunn av alle lydane han lagar for å kommunisere med artsfrendar.

Foto: Viktor Lyagushkin

–Det er interessant å sjå kva slike skapningar er i stand til med omsyn på læring og mogleg intelligens, seier marinbiolog Christian Lydersen ved Norsk Polarinstitutt. Lydersen forskar på arktiske marine pattedyr som sel og kvalartar.

Lydersen fortel at kvitkvalar blir kalla for havets kanarifuglar fordi dei vokaliserer mykje, eller snakkar mykje saman.

Kvitkvalen er den mest vanlege og mest talrike kvalarten på Svalbard, og er også vanleg å sjå på Finnmarkskysten. Norsk Polarinstitutt har gjort mange studiar på kvitkvalar i Arktis, og har blant anna funne at desse kvalane har svært høge nivå av ulike stoff frå menneskeleg forureining.

Kvitkvalen NOC døydde for fem år sidan. Men den dyktige stemmeimitatoren har i alle fall sikra seg ein plass i historien som den første kvalen som lærte seg å herme etter menneskelydar.