- Kva ser bilen? spør lærar Gjermund Kaldal. 6-åringane nøler mens dei ser på trafikkmodellen på bordet framfor seg. Eit trafikk-miljø med barn, bilar, gater, vegkryss og bilar.
- At det er eit barn som skal gå over vegen, foreslår Sebastian.
Stopp, vent, sjå og gå!
Vi er lært opp til å tru at små barn lærer best når dei er ute i trafikken i nærmiljøet. Enkle reglar har vore målet: Du skal, du skal ikkje. Derfor krev det mot å setja opp ein enkel modell med heimesnekra bilar på eit bord og hevda at her kan 6-åringane læra trafikk på ein ny og grundigare måte. Men det er akkurat det Transportøkonomsik instutt gjer ved Ila skole i Oslo og Jessheim skole i Akershus. Dei samarbeider med Redd Barna og Statens Vegvesen og får pengestøtte via stiftelsen Helse og Rehabilitering.
- Barn i 6-års alderen har ein tendens til å tru at det dei lærer i ein bestemt situasjon, til dømes i eit gangfelt, kun gjeld der og då, og ikkje nødvendigvis i andre situasjonar, seier forskar Pål Ulleberg ved Transportøkonomisk institutt. .
- Vår hypotese er at viss dei lærer noko her, ved modellen på bordet, så kan dei i større grad overføra kunnskapen til situasjonar i trafikken, seier Ulleberg.
Eit farleg svar
- Korleis vil du kryssa vegen viss du skal gå over til ei venninne på andre sida av gata,
spør forskingsassistent Monica Grimsrud. Eg vil gå rett over, svarer Sina.
Dette er eit farleg svar. For gata er sterkt trafikkert og det er ikkje gangfelt der 6-åringen vil kryssa. Ho tenkjer ikkje på at ho kan gå tilbake til eit gangfelt ho nettopp har passert.
Alle førsteklassingane blir grundig testa før modell-undervisninga startar. Ein etter ein fylgjer dei Monica gjennom same ruta. Dei får lette oppgåver, og vanskelege. Ein av dei to førsteklassane ved Ila skal så få undervisning, den andre klassen ikkje. Etter undervisninga skal begge klassane testast igjen. Slik skal forskarane finna ut om undervisninga har hatt effekt: Er det forskjell på den klassen som fekk modell-undervisning og den som ikkje fekk?
Frå bilens perspektiv
Det blir grønt, seier Sina. Grønt lys, ikkje grøn mann, legg Sebastian til. Og lærar Gjermund lar den gule bilen køyra over krysset.
- Det ser enkelt ut for ein vaksen, seier Pål Ulleberg, men dette er vanskeleg for ein seksåring.
Forsking på barns utvikling dei siste åra viser at 6-åringar skal vera i stand til å leva seg inn i ein annans situasjon. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når ungane på Ila skole blir utfordra til å tenkja gjennom kva bilføraren ser og tenkjer.
- Det kjem til å vera store forskjellar elevane imellom, seier leiaren for prosjektet, forskar Torkel Bjørnskau ved TØI. Vi trur at nokre av elevane kjem til å ha utbytte av det læringsperspektivet vi anvender. For andre vil det bli for vanskeleg.
Undervisninga ved Ila og Jessheim blir avslutta om nokre veker og resultata blir offentleggjort på nyåret.
Ei sovepute?
Stein Erik Ulvund er professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han trur at undervisninga kjem til å virka i den forstand at førsteklasingane som gruppe blir flinkare fotgjengerar. Men Ulvund er likevel kritisk.
- Dette kan bli ei sovepute. Dersom forskarane kjem fram til eit postivt resultat, kan foreldre og lærarar lena seg tilbake og tenkja at nå kan ungane trafikk. Men barn er veldig impulsive og dei kan plutseleg springa ut i vegen etter ein ball eller til ein kamerat på andre sida, sjøl om dei har vist at dei både kan og forstår trafikkreglane.
- Men dette kan jo skje om ungane lærer om trafikk på tradisjonelt vis og?
Absolutt. Men det vi ikkje får vita gjennom dette prosjektet, er om denne nye måten å undervisa barn på virkar betre enn vanleg opplæring i nærmiljæet, seier Ulvund.
Prosjektleiar Torkel Bjørnskau trur ikkje at den nye undervisningsforma kjem til å konkurrera ut ”gamlemåten”, sjøl om resultata ved Ila og Jessheim skular skulle blir gode.
- Klassane kjem ikkje til å slutta å gå på tur i nærmiljøet. Og då må jo lærarane passa på og visa ungane korleis dei skal oppføra seg, seier Bjørnskau.
Av Jorunn Voll
Schrödingers katt, 31.oktober 2002, kl.19:30