Hopp til innhold

Plasmasky kan gi svar på kulelyn-mysterium

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Amerikanske forskarar har utvikla ein ny metode for å studere kulelyn i laboratoriet.

Amerikanske forskarar ved US Air Force Academy hevdar å ha utvikla ein meir effektiv måte å lage eit såkalla kulelyn (sjå faktaboks) i laboratoriet. Dette skriv BBC News.

Ved å utsette ei saltløysing for ei kraftig elektrisk ladning klarte forskarane å lage ei lysande sky av plasma (ionisert gassky) som svevde opp frå vassløysinga.

I forsøket var kulelynet synleg som ei spøkelsesaktige lysande kule i opptil eit halvt sekund før det forsvann like brått som det oppstod. Sjå videoen over.

I studien i Journal of Physical Chemistry skriv forskarane at dei kunne auke storleiken og levetida til plasmaskyene med aukande surleiksgrad på saltløysinga. Dei nytta også highspeed-kamera og spektroskopi for å undersøke kva stoff skya var danna av, og fann blant anna vassdamp og karbondioksid.

– Fascinerande fenomen

–Fenomenet er fascinerande, og lite skildra vitskapleg sett, fortel professor i fysikalsk kjemi, Einar Uggerud ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Sjølv om Uggerud til dels er skeptisk til observasjonar av flygande lysande kuler, vil han ikkje avfeie at kulelyn verkeleg er eit naturleg fenomen.

Det har vore fleire forsøk på å gjenskape kulelyn i laboratoriet, og studere fenomenet, utan at ein har komme nærare eit svar på kva dette kan vere.

Ifølgje Uggerud er det ikkje utenkeleg at store utladingar av elektrisitet over kort tid til dømes i samband med eit lynnedslag kan danne liknande plasmaskyer ute i naturen.

Nettopp ein slik situasjon er gjenskapt i laboratoriet ved US Air Force Academy. Likevel er forskarane opne for at dei ikkje veit om fenomenet dei har undersøkt i laboratoriet verkeleg er det same kulelynet som er observert i naturen.

Dei opnar også for at kulelyn i verkelegheita kan vere mange ulike fenomen.

Kulelyn gjenskapt i laboratoriet.

Kulelyn gjenskapt i laboratoriet.

Foto: Michael Lindsay

– Levetida passar ikkje

Storleiken passar, men levetida passar ikkje med muntlege overleveringar, fortel Uggerud.

Viss kulelyn verkeleg er slike plasmaskyer, så er det eit problem at dei utvidar seg og gir frå seg energi til omgivnadene svært hurtig.

–For at kulelyna skal kunne leve like lenge som folk har observert, må det bety at plasmaskyene blir fanga av elektriske og magnetiske felt i nærleiken som kan halde det på plass, seier Uggerud.

– Under torever oppstår det store elektriske felt, men det skal noko til at det har ein form og fasong som gjer det stabilt, fortel kjemiprofessoren.

–Trur du vi nokon gong får forklaring på kva fenomenet kulelyn skuldast?

–Ja, det trur eg, seier Uggerud.