«Curiosity» skal finne ut om det er mogleg å overleve på Den raude planeten.
Foto: HO / AFPDen forrige generasjonen Mars-roverar, her ved «Spirit», som ingen har høyrt frå på lenge.
Foto: JPL/NASANASA har som mål å lande på Mars sommaren 2012, og har no utvikla ein ny generasjon roverar.
Roveren, som har fått namnet «Curiosity», har allereie klart hindringane på NASA-laboratoria, melder CBS News.
Plutonium for to år
Ein radioisotopgenerator (RTG) vil generere straum frå plutoniumsiostopar. RTG omdannar varmen som blir frigjort ved radioaktiv nedbryting til elektrisk energi.
«Curiosity» skal dermed ha nok straum til å køyre rundt på Mars i minst to år.
Den gamle generasjonen med «Spirit» og «Opportunity» kunne køyre rundt i 90 dagar. Dei var utstyrte med batteri som vart ladda opp med solcellepanel.
Større hjul
«Curiosity» har seks hjul, på same måte som dei tidlegare Mars-roverane.
Men hjula vil måle 20 tommar i diameter, noko som er dobbelt så mykje som for «Spirit» og «Opportunity».
Den nye roveren vil kunne halde ein toppfart på 300 fot i timen, eller omlag 0,1 km/h. Det er likevel ikkje truleg at han vil køyre så raskt på si ferd.
- Les også:
- Les også:
To år på reisefot
NASA seier dei ventar at roveren vil utforske planeten i eit heilt Mars-år (ca to år).
Slik som «Spirit» og «Opportunity» har gjort, vil også «Curiosity» ta prøver frå overflata og av steinar.
- Les også: Er dette beviset for liv på Mars?
- Les også: Øver på turen til Mars
- Les også: Derfor ga vi opp måneferdene
Men det som også er verd å merke seg ved denne nye generasjonen roverar, er at dei skal hjelpe til å avgjere om det er mogleg å overleve på planeten.
NASA prøvekøyrer «Curiosity» for første gong.