NRK Meny
Normal

Kor i søskenflokken du er, påverkar ekteskapet ditt

Om du er eldst eller yngst i søskenflokken kan påverke kor vellukka ekteskapet ditt vert, ifølge ein ny studie.

Four siblings lying on a bed

Kor i søskenflokken du er, påverkar kor mykje testosteron du har i kroppen.

Foto: Colourbox

Kva plassering du har i søskenflokken avgjer kor maskulin eller feminin du er. Det kan vera nyttig kunnskap å ha med seg når ein skal bestemme seg for partnar, skal vi tru ei ny doktoravhandling ved NTNU.

– Testosteronnivået i kroppen vert påverka av kva nummer du er i søskenflokken. Det er fordi miljøet inne i livmora endrar seg frå svangerskap til svangerskap, og dette styrer testosteronnivået hjå babyen, forklarer Gine Roll Skjærvø, forskar ved institutt for biologi ved NTNU, til NRK.

Gine Roll Skjærvø

Gine Roll Skjærvø er forskar ved Institutt for biologi ved NTNU.

Foto: Privat

Ho har i sin doktorgrad sett på kva plassering i søskenflokken har å sei for parforhold.

Er du tidlegfødt i ein søskenflokk har du mykje meir testosteron i kroppen samanlikna med yngre søsken av same kjønn. Det vil sei at er du gut og født tidleg i søskenflokken, er du meir maskulin enn ein bror født seint i søskenflokken.

Fleire barnebarn i «riktige» par

Dei fleste biologar er einige om at kvinner føretrekkjer maskuline menn, medan menn føretrekkjer feminine kvinner.

Ut frå det var det mogleg å sette opp ei hypotese om at tidlegfødte menn og seintfødte kvinner ville vera ein god match.

Skjærvø tok utgangspunkt i ei datainnsamling frå kyrkjebøker i Sokndalen og Smøla, og studerte informasjon for over 9000 ulike individ. Etter å ha sortert desse ut frå ulike kriterium sat ho igjen med totalt 91 par som ho kunne vurdere opp mot hypotesa.

Skjærvø fant at det var belegg for å sei at parkombinasjonen tidlegfødt mann i ein søskenflokk og seintfødt kvinne i ein annan søskenflokk, er ein meir suksessfull parkombinasjon enn andre kombinasjonar. Faktisk får slike parkombinasjonar fire fleire barnebarn enn dårlegare parsammensetningar.

– Antall barnebarn er eit veldig godt bilete på kor suksessfullt eit forhold er, innanfor biologien, seier Skjærvø.

Suksess kan nemleg målast i kor god du er til å spreie genane dine vidare, og då hjelper det ikkje å få mange barn, dersom dei ikkje klarer å spreie sine genar vidare.

Ofte vanskeleg å måle

Jens Andreas Huseby byline

Jens Andreas Huseby er åtferdsbiolog.

Foto: unknown

– Dette er ei kjempespennande studie, seier åtferdsbiolog Jens Andreas Huseby til NRK.

– Her har vi ein heilt tydeleg reproduktiv strategi, som det ofte er vanskeleg å sjekke effekten av, i og med at den fungerer på individnivå. Men når ein har eit slikt utval som i denne studien, blir funna ekstra interessante og truverdige.

Huseby seier desse historiske dataene som biologimiljøet ved NTNU har samla inn gjennom ei årrekke frå kyrkjebøker og bygdebøker, er imponerande.

– Eg har forsøkt å finne tilsvarande informasjon i meir moderne fødselsregister, men har ikkje klart det, så dette er ei gullgruve for forsking.

Sjå Når kjemien stemmer her.

Deltakerne i Når kjemien stemmer brøler for å imponere Maren med stemmen.

I andre episode av Når kjemien stemmer, skal mennene gjere inntrykk på Maren med stemma sin.