Hopp til innhold

Kollisjon på Mars skapte måne

Planetforskarar har no sterke bevis for at Mars sin måne Phobos ikkje er ein asteroide, men i staden har blitt danna av restar frå ein kraftig eksplosjon på Mars.

Mars sin måne Phobos

Mars sin måne Phobos knipsa av Mars Global Surveyor i juni 2003.

Foto: NASA/JPL/Malin Space Science Systems

Opphavet til dei små Marsmånane Phobos og Deimos har lenge vore ei uløyst gåte for planetforskarar.

På European Planetary Science Congress 2010 i Roma vart det nyleg lagt fram nye funn som kan medverke til ei avklaring.

Det har vore føreslått at begge månane kan ha vore asteroidar danna i asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter, som gradvis har blitt fanga av Mars sin tyngdekraft.

I eit alternativt scenario kan himmellekamane ha blitt danna av materiale som har blitt sprengt ut frå moderplaneten av ein enorm kollisjon.

Funn av karbonhaldige chondrittmeteorittar på Phobos kunne ha støtta asteroideteorien, då slike karbonrike primitive materiale er assosiert med asteoridar frå den midtre delen av asteroidebeltet.

Nyare observasjonar av lys i det infraraude området frå Mars Express Planetary Fourier Spectrometer tyder derimot på at det ikkje finst chondrittar på Phobos.

Desse observasjonane gir støtte til teorien om at Phobos har blitt danna frå restar etter ein kollisjon.

Kan vere danna av materiale frå Mars

Stickeykrater på Phobos

Nær Stickeykrateret, som er tydeleg på dette biletet, er det funne mineralar som også finst på Mars.

Foto: ESA/NASA

Det er også oppdaga ein type mineralar kalla phyllosilikat på overflata av Phobos, spesielt i områda nordaust for Stickney, månens største nedslagskrater.

Phyllosilikat blir danna i nærver av vatn, og slike mineral har tidlegare blitt funne på Mars.

Desse funna kan dermed tyde på at Phobos har blitt danna av materiale frå Mars som har blitt slynga ut frå planeten i ein kraftig kollisjon.

Porøst indre

Samtidig har målingar frå Mars Radio Science Experiment (MaRS) om bord i sonden Mars Express medverka til å rekne ut massen til Phobos.

Desse målingane viser at den vesle potetforma månen har eit porøst indre, noko som også støtter opp om teorien om at den må ha blitt danna av brotstykke frå ein kollisjon.

Ein porøs asteroide ville truleg ikkje ha overlevd viss den vart fanga inn av Mars sin tyngdekraft.

Den russiske romsonden Phobos-Grunt ,som etter planen skal bli skoten ut i 2011, skal returnere til jorda med ein prøve frå overflata av marsmånen.

Når den kjem tilbake vil vi får meir kunnskap om opphavet til Phobos.