Hopp til innhold

Her angrip kjempeblekkspruten ubåten

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Video av kjempeblekksprut filma av forskarar og filmteam i ubåt.

Japanske forskarar saman med tv-team klarte i fjor å filme ein kjempeblekksprut i sitt naturlege element, djuphavet, for første gong i juli i fjor.

Tidlegare denne veka vart det offentleggjort bilete frå det svært sjeldne møtet, og no har også kanalen ABC fått vise nokre sekund av filmklippet som vil bli vist på Discovery seinare denne månaden.

Videoen er berre nokre sekund langt, men her kan vi sjå den mangearma sjøkjempa først flyte fredfullt omkring, og deretter gå rett mot kameraet i det som ser ut eit angrep på ubåten med tre forskarar og filmfolk om bord.

Den japanske blekkspruteksperten Tsunemi Kubodera som var med i ubåten under møtet fortel at kjempeblekksprutar seg for seg sjølv, og sym einsame omkring i djuphava.

Angrepet tyder kanskje på at blekkspruten trivst i eige selskap og ikkje er så glad i forstyrringar.

JAPAN-SCIENCE-BIOLOGY-ANIMALS-SQUID

Kjempeblekkspruten på veg nedover i havet.

Foto: NHK/NEP/DISCOVERY CHANNEL / NTB/Scanpix

Hundrevis av timar ligg bak

Ifølgje nyheitsreporteren i ABC tok det filmteamet hundrevis av timar før det lukkast i få dette unike opptaket av ein blekksprut på ei djupne av circa 630 meter.

Discovery-channel skriv på sine nettsider at eit levande møte med kjempeblekkspruten å rekne for ein heilag gral for naturfotografar.

– Vårt crew kom ansikt til ansikt med kjempeblekkspruten, sa Eileen O'Neill i Discovery Channel. – Denne siste produksjonen som har tatt fire år å lage, er den første i sitt slag for TV, og eg gler meg til å dele han.

Discovery Channel vil vise opptaka i siste episode av serien Curiosity som skal gå 27. januar.

Kjempeblekksprut

Kjempeblekksprutar kan bli opptil 13 meter lange målt frå tuppen av tentakkel til bakre finne. Her studerer professorane Erling Sivertsen og Svein Haftorn målingar av ein 9,2 meter lang kjempeblekksprut som dreiv i land ved Ranheim 2. oktober 1954.

Foto: NTNU Vitenskapsmuseet