NRK Meny
Normal

Andreplassen til kinesisk sosialt medium

Ein teikneseriekunstnar har laga eit verdskart der sosiale medium som Facebook, Twitter og Youtube har fått tildelt landmasser etter kor populære dei er. Kartet viser at eit kinesisk direktemeldingssystem utgjer det andre største landet på kartet.

Kart over sosiale medie

På bloggaren Randall Munroe sitt verdskart over sosiale medium utgjer det kinesiske mediet QQ eit stort land. Facebook ligg øvst i biletet og synest ikkje i dette utsnittet. Du kan sjå heile kartet her: http://xkcd.com/802/

Foto: Randall Munroe, xkcd.com

Kart over sosiale medie

Facebook okkuperer store landområde i nord i Randall Munroes kart over sosiale medie

Foto: Randall Munroe, xkcd.com

Den amerikanske teikneseriebloggaren Randall Munroe som er busett i Massachusets i USA har laga eit mytisk verdskart der landa har namn etter sosiale medium.

Landmassene til kvart land reresenterer kor stor dagleg aktivitet som føregår på det aktuelle mediet.

På nettstaden xkcd.com skriv Munroe at tal på medlem åleine ikkje er eit godt mål på kor populært eit sosialt medium er.

Hans kart viser kor stor sosial aktivitet som føregår på mediet kvar dag, det vil seie kor mykje chatting, eller kor mange meldingar som blir posta på mediet kvar dag.

Munroe har i tillegg til medlemstal basert sitt Map of Online Communities på webstatistikk. Han oppgir også blant andre Google, Bing, Wikipedia og Big Boards som grunnlag for sine data.

Systemadminstratorarar på dei ulike nettstadene skal også ha delt statistikk med Munroe mot at dei har blitt lovt anonymitet.

Datagrunnlaget til Munroe skriv seg frå våren og sommaren 2010.

Det ukjente landet QQ

Aller størst sosial aktivitet på internett føregår ikkje uventa på Facebook ifølgje kartet til Munroe.

For nettbrukarar i Vesten kan det imidlertid vere overraskande at det ukjente QQ seglar opp som det nest største landet i verdskartet over sosiale medium.

QQ er eit gratis kinesisk program for å sende direktemeldingar. I følgje Wikipedia har QQ 100 millionar brukarar dagleg.

Store jordbruksnasjonar

Kartet viser også at jordbruksnasjonar utgjer store landområde i kartet med Facebook sine to naboaland Farmville og Happy farm.

Farmville er ein applikasjon i Facebook med over 62 millionar aktive brukarar i følgje Wikipedia.

Hakket større er Happy Farm som har ein stor landmasse takka vere sin store popularitet i folkerike land som Kina og Taiwan.

Skype, Twitter, og videodelenettstaden Youtube utgjer også store øyer i kartet.

2007 kartet

Samanliknar ein 2010-kartet med Map of Online Communities 2007 ser ein at Myspace har tapt store landområde, medan Facebook har vekst frå å vere eit middels lite land til ei mektig supermakt.

Så blir det interessant å sjå om kinesiske sosiale medium okkuperer endå større del av landområda i Munroes neste kart.

Kart som viser aktivitet på sosiale medie i 2007

Russels Map of Online Communities for 2007.

Foto: Randall Munroe, Creative Commons