Hopp til innhold

Kattungar skal vekke klimaengasjement

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Animerte kattungar vann konkurranse om å illustrere menneskeskapte klimaendringar.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein horde mjauande kattungar ser det som sin misjon å lære oss menneske om klimaproblemet i tre videoar frå dei litauiske kunstnarane Andrius og Gedminias i PetPunk.

Videoane med dei bekymra kattungane vart kåra til vinnaren i ein internasjonal konkurranse om å illustrere klimaproblemet visuelt. Dette skriv CICERO Senter for klimaforsking.

Sjå video der kattungane forklarer konsekvensane av global oppvarming:

– Kattar er populære

Den litauiske vinnarduoen synest vitskaplege fakta kan vere ganske kjedelege, og dei ville fortelje historia om global oppvarming på ein leikande og smart måte.

Valet av søte kattungar til å formidle bodskapen er også gjort svært bevisst.

– Kattar i alle fargar og fasongar har okkupert YouTube i nesten ti år. Millionar av menneske brukar dyrebar tid med å sjå på ein katt med eit keyboard og andre berømte kattar. Vi kan tenke at dette er trist. Men vi kan ikkje nekte for det faktum at kattar er populære, enten dei dansar, mjauer eller berre stirer oss rett i auga, sa Andrius Kirvela.

Bekymra kattunge

Kattar er populære på nettet, og derfor er dei valt til å få fram bodskapen om menneskeskapte klimaendringar.

Foto: PetPunk/ The Minor Foundation for Major Challenge

Tripp-trapp-designer

I dei tre videoane fortel kattungane oss om drivhuseffekten, om årsakene og konsekvensane av menneskeskapt oppvarming, og gir oss innsikt i korleis folk kan medverke til å mindre utslepp av karbondioksid.

Concerned kitten peiker på ein årsak til klimaproblemet

Bekymra kattunge peiker på menneskelege årsaker til global oppvarming.

Foto: PetPunk/The Minor Foundation for Major Challenge

Konkurransen vart utlyst i august 2011 av stiftinga Minor Foundation for Major Challenges som har som mål å støtte informasjon om menneskeskapte klimaendringar.

Stiftinga er starta av den norske designaren Peter Opsvik som er kjent for designen av den populære Tripp-Trapp-stolen.

Blant kriteria for vinnarbidraget var at det skulle vere tilpassa ei brei målgruppe, og skulle vere lett å forstå for folk utan spesielle bakgrunnskunnskapar om global oppvarming.

Sjå video: Kattungane viser deg korleis du kan kutte CO2-utslepp.