Hopp til innhold

Kan sjå langt etter brillene

Eit gen som forklarar kvifor folk blir nærsynte, kan gjere briller overflødige om få år.

Briller på roterommet

Det kan bli slutt på briller til nærsynte om forskarane klarer å lage ein kur mot synsfeilen.

Foto: NRK

Det er ikkje slutten for briller heilt enno, men vi har eit klart håp om at vi skal kunne blokkere genet som er årsak til nærsyntheit, seier augelege Dr. Christopher Hammond ved King's College London til The Telegraph.

Han er ein av mange forskarar frå heile verda som har samarbeidd om å finne variasjonar i DNA som gjer at folk blir utsette for myopi, ein arveleg synsfeil som gjer at den som blir råka ser godt på nært hald, men ikkje på lang avstand.

Synsfeilen går i arv

Å sjå mykje TV, lese mykje og å vere inne er bevist å ha ein effekt på synet. Men forskarane har visst at tilstanden går i arv, og har leita etter gen som kan vise kven som er i fare for å bli nærsynte.

Sjå også: - Utendørslek kan forhindre nærsynthet

Fleire tusen menneske over heile verda har vore med i undersøkinga. Og forskarane trur no dei har funne ut kvar synsfeilen oppstår, skriv tidsskriftet Nature Genetics.

Dei fann nemleg ei rekkje variasjonar rundt genet RASGRF1, som er knytt til augevekst. Det kunne sjå ut som om genet har bindingar til myopi, og anten motverkar dette eller beskyttar.

Sjå også: - Som å se gjennom et matpapir

Tablettar og augedropar

Nærsynt

Motsatsen til myopi er langsyntheit - hypermetropi.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

I nokre deler av verda er store deler av befolkninga råka av nærsyntheit. I Japan er to av tre tenåringar nærsynte. I Singapore er heile 80 prosent av 18 år gamle mannlege rekruttar nærsynte, mot 25 prosent for 30 år sidan.

No håpar forskarane dei kan avdekkje nøyaktig korleis genet påverkar auget og seinare finne behandlingsmetodar for å motverke utviklinga.

Forskar Hammond trur det vil ta minst ti år før ein behandlingsmetode er klar, og at det vil vere snakk om at tablettar eller augedropar kan gjere at fleire vil sleppe å få svekt syn.

Tre prosent blir blinde

Dei fleste blir fødde langsynte, og tidlegare utvikla dei fleste normalt syn etter kvart som dei vart eldre. Men på grunn av at vi i barndom og ungdom brukar mykje tid på å stirre på skjermar og i bøker, ser det ut til at auget overkompenserer og held fram å vakse - og dermed utviklar nærsyntheit.

Dei fleste som blir utsatt for myopi, har ei mild utgåve. Oppmot tre prosent av dei som blir råka, kan derimot utvikle grønn stær og til slutt bli heilt blinde.

Fram til ein eventuell behandlingsmetode er klar, oppfordrar forskarane bak studien til at barn oppheld seg mykje ute, slik at auga får lov å fokusere også på lange avstandar. Dei vurderer også at sollys kan hjelpe å halde synet ved like.