Kakaogenomet kan redde sjokoladeindustrien

Det samla genetiske materialet til kakaotreet er kartlagt og offentleggjort på nettet. Dette kan berge sjokoladeidustrien frå ein kollaps, seier ein av forskarane bak studien.

Kakaobønner og sjokolade

I dag gir eit kakaotre nok kakaobønner til å produsere ca 2 kilo sjokolade. Foredling av kakaoplanten kan blant anna gi større avlingar. Dette er mogleg å få til no når arvematerialet til kakaotreet er kjent.

Foto: montasje / Colourbox

For alle oss som elskar sjokolade er det ein god nyheit at arvematerialet til kakaotreet er kartlagt.

Etterspurnaden etter kakao aukar nemlig stadig, samtidig som produksjonen ikkje aukar like raskt.

Dette var ein av årsakene til at prisane på kakao nådde eit historisk høgt nivå i desember 2009.

Oversikt over det samla arvematerialet til kakaotreet gjer at vi kan få fram kakaotre som gir betre avlingar, og meir kakao.

  • Les rapport frå den internasjonale kakaoorganisasjonen (ICCO) om kakaoøkonomien dei siste ti åra Kakaoprisar 2001-2010

Publisert på nett

På rekordtid klarte eit team av forskarar frå det amerikanske landbruksdepartementet, fleire amerikanske universitet og sjokoladefabrikanten Mars å kartleggje genomet, eller det samla genetiske materialet, til ein art av kakaoplanten Theobroma.

Prosjektet starta i 2008, og var meint å vere eit 5-års prosjekt. Men allereie tre år før tida har forskarane klart å kartleggje arvematerialet til kakaotreet.

Genomet er publisert på nettet i Cacao Genome Database, for at informasjonen skal vere tilgjengleg for alle.

Genomet til kakaotreet består av 35 000 genar.

Til samanlikning er det omkring 20 -25 000 genar i det menneskelege genomet.

Eitt tre- 2 kilo kakao

Produksjon av kakao krev tilgang på store areal, då kvart kakaotre berre gir ca 2 kilo kakaomasse.

–Berre ein auke i forbruket på 2% ville føre til at vi treng eit areal tilsvarande Elfenbeinskysten, seier Howard Yana-Shapiro, forskar i sjokoladefabrikanten Mars til BBC.

Elfenbeinskysten er i dag verdas største produsent av kakao, med 1,3 millionar tonn kakao per år.

Kakaotreet er også ganske utsett for sjukdom, noko som kan påverke kakaohausten negativt.

Molekylære kart

–Når vi kjenner genomet til ein plante kan vi bruke molekylære metodar for å foredle fram betre sortar, seier forskar Morten Lillemo ved UMB til NRK.no.

Lillemo arbeider sjølv med å kartleggje genomet til kveiteplanten.

Ved å lage molekylære kart kan ein kople genar opp mot eigenskapar, og ein kan då finne ut omtrent kvar i DNA-et genet for ein eigenskap ligg.

Ein kan så teste frøets arveeigenskapar, og slik sikre seg at ein får kakaotreet med ein eigenskap ein vil ha.

–Vi kan blant anna få fram resistens mot sjukdom, og betre kvalitet på planten, seier Lillemo.

Smak, og innhald av sunne antioksidantar er også blant eigenskapane sjokoladefabrikantane er interessert i.