Hopp til innhold

Kaffien trua av klimaendringar

Klimaendringar kan føre til problem for matvekstar som er avhengige av insektbestøving. – Insekta vil bli færre, og dei vil slite meir viss vi får høgare temperatur.

kaffi og bie

Utan bier ingan kaffi. Klimaendringar kan gjere bier ute av stand til å bestøve kaffiavlingar.

Foto: montasje / Colourbox

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nordmenn er blant dei aller mest kaffitørste i verda. Kvart år importerer vi 40 000 tonn kaffi, noko som svarar til 9,5 kilo kaffi per person.

No er forskarar bekymra for at den globale tilgangen på kaffi kan bli mindre i framtida.

Tomatar, mandlar og melonar

Med aukande temperaturar som følgje av global oppvarming kan bier få problem med å bestøve kaffiplanten og ei mengde andre matplanter som vi er avhengige av.

I ein rapport gjort på oppdrag av FNs Organisasjon for ernæring og landbruk, FAO, konkluderer norske forskarar med at det er eit stort hol i kunnskapen vi har om korleis klimaendringar verker inn på insekta seie evne til å pollinere matvekstar.

Mange matvekstar er meir eller mindre avhengige av insekt for å bli pollinert og danne frukter.

Dette er nokre av matvekstane som er trua:

– kaffi

– mandlar

– melonar

– solsikker

– raps

– tomatar

– belgvekstar

Problemet størst i tropane

– Vi må vekke myndigheiter og landbruk, her er ein ressurs som vi tar for gitt, og det er ikkje sikkert av vi har den i framtida, seier Anders Nielsen ved Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved Universitetet i Oslo. Han er ein av forskarane bak rapporten.

– I snøhaugen her oppe i nord er ikkje dette så relevant, men i store deler av verda er dette svært viktig. I tropiske strøk veit ein så å seie ingenting, og det er her problemet vil vere størst, fortel Nielsen.


Høyr intervjuet med Anders Nielsen i radioprogrammet Ekko:

Dramatisk

Blomster av Coffea arabica

Blomster av kaffiplanten Coffea arabica.

Foto: Marcelo Corrêa, Wikimedia commons, CC
Frukt av Coffea arabica

Utan bier blir det danna færre frukter på kaffitreet Coffea arabica.

Foto: Forest & Kim Starr/ Wikimedia commons, CC

All kaffiproduksjon skjer i tropane, og er fordelt på dei to kaffiplantane Coffea arabica og Coffea robusta.

– Robusta som blir dyrka i låglandet er 100 prosent avhengig av pollinering av bier for å danne frukt, fortel Nielsen.

Høglandsplanten Arabica er berre delvis avhengig av pollinering av bier, då arten også kan pollinere seg sjølv. Men også produksjonen av arabica-bønner blir sterkt redusert utan bier.

Arabica er rekna for å vere den beste kaffien, og det er den kaffitypen vi drikk mest av i Noreg.

– For eit land som Vietnam som er verdas 3. største kaffieksportør, og som berre eksporterer robusta vil heile kaffi-industrien bli lagt i ruinar dersom biene forsvinn, seier Nielsen.

– Vi ser allereie no at det er stor variasjon i kaffiproduksjon mellom år, og dette skuldast blant anna klimaendringar, seier Nielsen.

Når kaffiproduksjonen går ned, vil også prisane gå opp, noko som vil gjere at vi nordmenn må betale meir for å vere avhengige av kaffi.

Makstemperatur

– Insekta vil bli færre, og dei vil slite meir viss vi får høgare temperatur, fortel Nielsen.

– I tropane har dei fleste insekt eit smalare vindauge for temperaturtoleranse enn insekta har lenger nord. Ei fem graders auke i gjennomsnittstemperatur her, vil kanskje ha mindre effekt enn ein grads auke i temperatur der, fortel Nielsen.

Biene produserer mykje varme i flygemusklane sine når dei flyg, og denne varmen må dei ventilere bort for å kunne halde temperaturen i flygemusklane under makstemperaturen på nokre og femti grader.

– Når det då er 45 grader ute får dei problem med å halde temperaturen nede.
I tillegg er biene også under press frå mange andre risikofaktorar som endra arealbruk, intensivering av landbruket, insektmiddel, giftstoff og invaderande artar, seier Nielsen.

Misforhold

Både blomster og bier kan freiste å motverke klimaendringane på ulike måtar.

Mange sosiale bier kan trekkje ned i bolet sitt under varme dagar, men viss det varer i dagevis vil blomstrane få problem sidan ingen kjem og besøker dei, fortel Anders Nielsen.

Ein kan godt tenkje seg at ein plante svarar på temperaturauke ved å blomstre tidlegare. Insekta kan også starte å summe tidlegare. Men det er ikkje sikkert at dei kjem samtidig, og slik kan det oppstå eit misforhold mellom blomster og bier, fortel Nielsen.