NRK Meny
Normal

Juramaia - vår alles mor

Paleontologar har funne fossilet av den tidlegaste formora til dei fleste av dagens pattedyr. –Var det ikkje for Juramaia, ville ikkje du og eg vore her, seier forskaren bak fossilfunnet.

Juramaia sinensis

Pattedyret Juramaia sinensis som levde for 160 millionar år sidan er det første kjende dyret med morkake. Omtrent slik kan det ha sett ut.

Foto: Mark A. Klingler/Carnegie Museum of Natural History

Juramaia sinensis

Foto av det 160 millionar år gamle fossilet av Juramaia sinensis.

Foto: Zhe-Xi Luo/Carnegie Museum of Natural History

Historia til pattedyra av vår type ser ut til å starte med eit lite dyr som levde samtidig med dinosaurar for 160 millionar år sidan, i tidsperioden jura.

Fossilet av den spissmusliknande krabaten som har fått namnet Juramaia sinensis, er det tidlegaste funnet av eit pattedyr med morkake. Funnet er nylig presentert i ein artikkel i tidsskriftet Nature.

– Fossilet er enten ei tipp-grandtante eller ei tippoldemor til alle morkakepattedyr som lever i dag seier hovudforfattaren bak artikkelen, Zhe-Xi Luo i ei pressemelding frå Carnegie Museum of Natural History.

Kjenner att på tennene

– Dette er eit veldig viktig funn når det gjeld tidlege pattedyr. Dette er også ein del av vår eiga historie, fordi dette handlar om vår eiga gruppe av pattedyr, seier paleontolog Jørn Hurum ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

– Heilt sikre på at Juramaia er vår stammor kan vi ikkje vere, det er difor Luo seier at fossilet også kan vere vår tippgrandtante. Juramaia kan også vere på sida av vårt stamtre, seier Hurum som fortel at han nytta same talemåte då han presenterte funnet av det tidlege apefossilet Ida for verda i 2009.

Fossilet av Juramaia sinensis er funne i Liaoning-provinsen nord-aust i Kina.

Fossilet består av ein ufullstendig skalle og, delar av skjelettet, men mest viktig for paleontologane er det at dei også har funne eit komplett sett av tenner og frampotane.

Sjølv om paleontologane altså ikkje har funne morkaka til Juramaia, kan dei likevel fastslå at ho er eit morkakedyr og ikkje eit pungdyr. Det kan ein nemlig sjå på tennene:

– Har du tre jekslar så er du eit morkakepattedyr, har du fire er du eit pungdyr, fortel Hurum.

Stemmer med DNA-studiar

Juramaia sinensis

Slik tenkjer forskarane seg at Juramaia såg ut.

Foto: Mark A. Klingler/Carnegie Museum of Natural History

Juramaia kastar nytt lys over når to linjer av pattedyr, morkakepattedyra, skilde lag med pungdyra.

Medan morkakepattedyr gir næring til fosteret gjennom morkaka og ein lang graviditet, får veldig tidleg fødde barn hos pungdyr som kenguruar og koalaer næring i ein pung på magen til mor.

Forskarar har fram til no vore splitta i synet på når skiljet mellom desse to pattedyrlinjene skjedde.

Medan DNA-studiar har vist at splitten mellom morkakepattedyr og pungdyr må ha skjedd for omkring 160 millionar år sidan, har det tidlegaste kjende fossilet av eit morkakedyr fram til no vore det 125 millionar år gamle fossilet Eomaia.

Eomaia vart skildra i 2002 av eit team som var leia av den same Zhe-Xi Luo som no står bak funnet av Juramaia.

– Med dette nye fossilfunnet nærmar forskarane seg ei forståing om når dei første morkakepattedyra oppstod, fortel Hurum.

Morkake var eit fortrinn

Zhe-Xi Luo

Paleontolog Zhe-Xi Luo

Foto: Melinda McNaugher/Carnegie Museum of Natural History

– Morkake må ha vore eit fortrinn i det lange løp. Det ser ikkje ut til å ha vore eit fortrinn enno i juratida, men må ha blitt vidareutvikla til midten tidsperioden etter jura, seier Jørn Hurum som også ser fram til nye fossilfunn som kan fortelje oss meir om korleis biologien til morkake utvikla seg.

Hurum synest det er interessant at begge dei to tidlegaste fossila av morkakedyr er dyr som har klatra i trea.

–Kva som er grunnen til at nettopp denne klatrande forma har hatt suksess, medan det samtidig levde mange primitive former av andre pattedyr på bakken som ikkje var klartrane, veit vi ikkje, seier Hurum.

– Kanskje har dei funne seg ei nisje som gjer at dei overlever, eller kanskje hadde dei tilgang på ein spesiell type insekt i trea som gav dei eit fortrinn, spekulerer Hurum.

Trass sin beskjedne storleik på nokre titals gram har Juramaia vist seg å bli svært viktig for sine etterkommarar. Som Zhe-Xi Luo seier det til Pittsburgh Tribune-Review:

– Du må ikkje vere ein stor dinosaur for å vere viktig. Til sjuande og sist var det den vesle fyren som vann kappløpet. Var det ikkje for Juramaia, ville ikkje du og eg vore her.