NRK Meny
Normal

Asteroide som passerer jorda natt til laurdag har eigen måne

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

NASA oppdaga 600 meter brei måne i bane rundt jordnær asteroide.

NASA-forskarar ved Near Earth Object Program har oppdaga ein måne i bane omkring asteroiden 1998QE2 som passerer jorda fredag kl. 23 norsk tid. Dette melder NASA.

Kveldens passering er den næraste som asteroiden vil gjere på om lag 200 år, men han er likevel langt unna. Avstanden til jorda på om lag 15 gongar avstanden vår til månen (6 millionar kilometer).

Til samanlikning gjorde asteroiden 2012 DA14 ein svært mykje nærare passering 15. februar i år, då han sneia jorda innanfor satellittbanen, berre 27.700 kilometer unna.

Radarmålingar viser at mor-asteroiden er om lag 2,7 kilometer i diameter, mens månen er om lag 600 meter brei.

1998 QE2

Radarbilete av asteroiden 1998 QE2 med tilhøyrande måne tatt 29 mai. Dei mørke felta på morasteroiden tyder på groper i overflata.

Foto: NASA/JPL-Caltech/GSSR

– Breiare faresone

Asteroiden 1998 QE2 er ein såkalla binær asteroide. 16 prosent av alle asteroidar som er større enn 200 meter i diameter har ein eller to følgjesvenner på sin ferd gjennom rommet.

Slike romsteinar med måne er meir einslege asteroidar, dersom dei skulle komme på kollisjonskurs med jorda.

– Faresonen rundt tyngdepunktet vil vere mykje breiare, og sannsynlegheita for at ein slik pardans vil treffe jorda vil vere noko større enn for eitt objekt, fortel forskingssjef Terje Wahl i Norsk Romsenter til NRK.no.

Ein vil til dømes kunne tenke seg at sjølv om morobjektet bommar, vil månen kunne treffe jorda.

Wahl fortel at slike asteroidar også kompliserer jobben for dei som gjer baneberekningar for asteroidar, då rørsla gjennom rommet blir meir vinglete enn for romsteinane som kjem åleine.

– Dette vil heilt sikkert inspirere banebereknarane til å finne ut kor nøyaktig ein kan berekne banen tiår fram i tid, seier han.

Kraftig teknikk

Dei siste åra har NASA satsa stadig meir pengar og ressursar for å oppdage jordnære asteroidar som kan ramme jorda. I førre veke kom også den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA, på banen med eit eige senter for asteroideovervaking.

Ein av dei kraftigaste teknikkane som blir nytta til å studere asteroidane er radar. Radarbilete kan gi forskarar opplysingar om storleik, form, rotasjon, overflate, samt for å betre berekning av asteroidebanar.

Forskarane har følgt asteroiden dei siste døgna med hjelp av Deep Space Network-antenna i Goldstone, California, som er ein av NASAs aller største radarar.

– Ein skal ha svært spesialiserte radarar for å kunne sjå så langt bort som dette, fortel Wahl.

NASA er førebels åleine om å kunne gjere slike radarmålingar.

– Det finst eit par store radarar i Europa også, blant anna EISCAT-radaren på Svalbard, som i prinsippet kan nyttast til å sjå asteroidar som kjem svært nære jorda, seier Wahl.

Spørsmålet er om det er viktigare å lære meir om asteroidar, eller nytte radarane til det føremålet dei er bygd per i dag.

– Asteroideforskarane vil nok få meir observasjonstid i åra framover, trur han.