Hopp til innhold

Jordliknande planet funne «eit steinkast» unna

Astronomar har funne ei mogleg ny super-jord berre 42 lysår unna jorda. – Det er ingen grunn til at ein slik planet ikkje kan ha eit jordliknande klima, seier ein av forskarane bak funnet.

Superjord rundt stjerna HD40307

Nye analysemetodar har ført til funn av planeten HD 40307g som ligg i riktig avstand til moderstjerna for at liv kan vere mogleg.

Foto: J. Pinfield/RoPACS

Eit team av europeiske og amerikanske astronomar har funne det dei trur er ei ny superjord som kan huse liv, og det i ein avstand på berre 42 lysår unna oss.

Planeten krinsar rundt moderstjerna HD 40307 med ei omløpstid på om lag 320 dagar, i ein avstand som skulle gi planeten akkurat passe temperaturar for at vassbasert liv kan oppstå.

Resultata vil bli publisert i tidsskriftet Astronomy & Astrophysics.

– Slik stoda er no er alle funn av moglege jordliknande planetar interessante. Vi kjenner ikkje til så mange. Metodane som har vorte nytta til no gjer det enklast å finne store gassplanetar nær ei stjerne, seier professor Øystein Elgarøy ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

– Funn av ein planet i ein sone som kan huse liv, på astronomisk sett kort avstand er svært interessant, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Sjå video som viser korleis astonomane trur at solsystemet omkring stjerna HD 40307 er:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Ny metode gav tre nye planetar

Tidlegare var det kjent tre eksoplaneter omkring stjerna HD 40307, men alle desse var for nær moderstjerna til at liv kunne vere mogleg her.

Men ustyrt med nye analysemetodar utarbeidd av Guillem Anglada-Escudé frå Univeristy of Göttingen, gjekk astronomane laus på spektra frå European Southern Observatorys HARPS-teleskop og reanalyserte desse.

Astronomane fann då tre nye eksoplanetar omkring stjerna, planetar som var for små til at dei var oppdaga i første analyse.

Den mest interessante av dei nye planetane går i den ytste bana omkring stjerna, i ein avstand som er like stor som avstanden mellom jorda og sola.

Sju gongar jordas masse

Ifølgje teamet har den nye superjorda ein masse som er sju gongar større den enn vår eiga jord.

Teamet trur også at planeten roterer omkring sin eigen akse mens han går i bane omkring moderstjerna, noko som kan gi planeten noko som minner om vår dag/natt-syklus, og kanskje også eit jordliknande klima.

Moderstjerna HD 40307 er ei dvergstjerne som er ein del mindre og også mindre lyssterk enn vår eiga sol.

– Stjerna HD 40307 er ei heilt stabil gammal dvergstjerne, så det er ingen grunn til å tru at ein slik planet ikkje kan ha eit jordliknande klima, seier Anglada-Escudé.

Funnet følgjer hakk i hæl på ei anna stor planetoppdaging, funn av ein planet omkring vår nabostjerne Alpha Centauri, som vart kjent i oktober.

Men denne planeten er for nær moderstjerna til at liv er mogleg her.

Grunnen til at store planetoppdagingar kjem så tett, er at eksoplanetfeltet har eksplodert dei seinare åra. Nye, kraftigare teleskop og betre målemetodar gjer forskarane i stand til å finne stadig fleire planetar.

– Det føregår intens leiting etter jordliknande planetar med fleire metodar, og det einaste som er sikkert er at det vil bli gjort mange og verkeleg spennande oppdagingar den næraste tida, seier Knut Jørgen Røed Ødegaard.

– Viktig å stadfeste med andre metodar

Det gjenstår likevel å slå fast om denne nye eksoplaneten verkeleg er der. Forskarane erkjenner at signalet frå dei fem andre planetane omkring HD 40307 er kraftigare.

–Vi har testa denne nye teknikken på planetar vi allereie veit eksisterer, men dette er første gongen vi har brukt han til å gjere ei oppdaging, seier Hugh Jones ved University of Hertfordshire til Time.

Professor Øystein Elgarøy meiner det er godt mogleg at metoden utvikla av Guillem Angalda-Escudé kan gi funn av fleire jordliknande planetar i framtida.

– Men sidan dette er ein ny teknikk er det viktig at resultata vert stadfesta med andre metodar, seier Elgarøy.